Balestrand

Sognefjord Swim FestivalBalestrand har i over hundre år vore internasjonalt kjend for eit uvanleg vakkert fjordlandskap. Bygda er framleis eit knutepunkt for fjordturisme, og som vertskap for tusenvis av turistar kvar sommar kan dei fastbuande nyte gode som er sjeldne i mange bygder - kvitvin på hotellterrassar med fjordutsikt, kunstgalleri, kafear og opplevingstilbod oppretta for den jamne straumen av langvegsfarande turistar.

Turismen har òg gitt kommunen viktige utanlandske tilskot. Så mange islendingar har slått seg ned i Balestrand at nasjonaldagen blir feira og språket lært vekk på skulane. Sommaren 2007 fanst det både eit tysk bakeri og ein bratwurstkiosk i Holmen. I mai innleier Balejazz ein herleg sommarsesong som Sognefjord Swim Festival (biletet) markerer avslutninga på i august.

Balestrand og dei fjordvende småbygdene i nærleiken er rike på storslegne naturopplevingar, til dømes med kajakk, til fots på merkte naturstiar rett over byggjefelta og på fjellstiar med mektig utsikt. Bygda har ein privat vidaregåande skule og fleire store reiselivsbedrifter. Med gode transportruter innover og utover fjorden er Balestrand òg ein fin plass å pendle frå.

Fakta om kommunen

Festivalar og arrangement

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt