Gulen
Skjergard tett på vestlandsbyane. Demokratiet si vogge i vest. Kong Olav-statuen.
Gulen er ein kystkommune sørvest i Sogn og Fjordane, tett på havet og med kort reisetid til Bergen. Landskapet spenner frå nakne øyar til fjellandskap.
Gulen har ei spesiell historie, som åstad for ei årleg tingsamling for bønder frå Vestlandet, i 400 år. Til hjelp i drøftingane blei det utvikla ei eiga lov, Gulatingslova, som i si tid omfatta store delar av Sør-Noreg.
Gulen er størst på havbruk i Sogn og Fjordane. Ein av oppdrettsgründerane sørgde i 2007 for at Kong Olav-statuen som vart refusert av Oslo kommune hamna ytst i havgapet ved Skjerjehamn. Avdukinga skjedde på festivalen Utkant 07.
I Gulen blir det for tida satsa innan fleire sektorar, mellom anna reiseliv og industri. Kommunen har eit stort industrisatsingsområde i Sløvåg. For etableringsklare finst det ledige tomter over heile kommunen.
Lenker:
Fakta om kommunen
Andre lenker


