Høyanger
Høyanger har mange bedrifter innan industri og teknologi – alle med fokus på nyskaping og utvikling.
Tettstaden langs Sognefjorden er eit levande lokalsamfunn med eit vidt spekter av lag- og organisasjonar rundt i kommunen.
Om vinteren er det stor aktivitet på skisenteret Siplo både i alpinbakken og i langrennsløypene. Her blir også telemarksrennet Langhamrane Ned og skibestigningsrennet Tealøpet arrangert kvart år.
Elles i året er det stor aktivitet i IL Høyang sine ulike lagidretts- og friidrettsgrupper. I juni er det tid for Gøyanger og då spesielt manndomsprøven Trappeløpet, kor løparane skal først opp dei 1268 trappetrinna langs røyrgata i fjellsida. Kommunesenteret har også eit av fylket sine flottaste badeanlegg.
Om ein ikkje er interessert i idrett og friluftsliv, er Høyanger kjend for å ha eit godt musikkmiljø, spesielt innan rock. Høyanger Rock- og Bluesklubb, som held til på den legendariske puben Joss, eller koret Høyanger Vocalis kan vere gode alternativ.
Høyanger kommune omfattar elles bygdene Vadheim, Kyrkjebø, Lavik, Bjordal og Ortnevik på sørsida av Sognefjorden. Også her er moglegheitene mange. Sjå video frå Høyanger.
Lenker generelt
Lenker næring, industri og teknologi
- Høyanger Næringsutvikling
- Hydro Aluminium Høyanger verk
- Nordic Power System
- Kvalitetslosen
- Tracksa
- Østerbø maskin
- SafeClean AS
- Tape Invent
- Statkraft
- Osland Havbruk
Lenker kultur og fritid: