Lærdal
Trehus. Villaks. Regnskugge. Morellar.
Lærdal ligg i regnskuggen, og er ein av dei tørraste stadane i landet. Lærdalsdalen er ei eldgamal ferdselsåre mot aust, og bygda er i seinare tid knytt tettare mot Bergen med verdas lengste vegtunnel. Innbyggjarane nyt difor godt av ein ferjefri og sikker heilårsveg til Bergen og Oslo.
Lærdal har ei av Noregs beste lakseelvar og er kjend for villaks, men òg jakt og fiske i dei vide fjellområda rundt Lærdal. Sentrum i kommunen, Lærdalsøyri, med om lag 1200 innbyggjarar, er kjend for eit unikt, gamalt trehusmiljø. Kommunen omfattar elles bygdelaga Borgund, Ljøsne, Tønjum, Erdal, Frønningen og Strendene.
Bøndene i Lærdal har ein høg profil og lange tradisjonar, og produserer mellom anna tidlegpoteter, gulrøter og kål. I seinare tid har dei utvikla ei stor satsing innanfor morellar og bringebær, med eksport til kontinentet. Andre viktige arbeidsplassar er Lærdal sjukehus og Opplysningen 1881.
Lenker:
Fakta om kommunen



