Leikanger
Landets største byråkratbygd. Godt klima. Sprelske friluftskonkurransar. Frukt og bær.
Leikanger er på mange måtar byråkratane og tilflyttarane si bygd. Som stats- og fylkessenteret i Sogn og Fjordane, og med viktige funsjonar i NAV, Statens Vegvesen og norge.no, har bygda eit vidt spekter av offentlege arbeidsplassar. Tilflyttinga gjer òg at det er mykje friskt blod i Leikanger og at det er høgt under taket. Leikanger har ein næringshage, og er heim for kreative verksemder som forlaget Skald.
Bygda er òg kjend for eit myldrande organisasjonsliv med friluftstevlingar som Kjeringi Open og Sognefjord Swim Festival. Fjorden er isfri og lokkande året rundt, og kvar august sym mellom 20 og 30 hardhausar Sognefjorden på tvers ved Leikanger.
Klimaet i Leikanger er glimrande for fruktdyrking. Det er relativt tørt i den sørvende bygda, med eit snitt på 980 mm nedbør i året, mot 2300 mm i Førde. Både fersken og aprikos kan dyrkast i lune, solrike krokar. Det blir elles dyrka store mengder eple, plomer og pærer.
Men det er ikkje berre frukttrea som blømer i kommunen. Det er framleis vekst i tal arbeidsplassar, fleire bustadprosjekt skyt fart og tal frå varehandel og service syner god vekst i Leikanger - Sogndal-regionen.
I lokalsamfunnet elles er det full fart, slik det brukar å vere. No er også nettstaden opplevleikanger.no på lufta - nettstaden for deg som bur i og vitjar Leikanger. Nettstaden skal profilere eit spennande næringsliv, aktivt bygdaliv og syne fram kvalitetane som Leikanger har å by deg som stoggar for eit kortare besøk.
Fakta om kommunen
Andre lenker