Sogndal
Studentar. Forsking. Fotball. Klatrevegg. Bokby.
Sogndal er fylkets største utdanningssenter, med kring 2000 fastbuande studentar. Gjennom studieåret skapar dei liv og røre og er med på å gi fotballbygda eit snev av urbanitet.
Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking har kompetansemiljø innan mellom anna friluftsliv, reiseliv, idrett, klima, IT, pedagogikk, lokalhistorie og kulturlandskap. Ei av avdelingane i eit nytt statleg kompetansesenter for distriktsutvikling er òg lagt til Sogndal.
Eit av dei andre varemerka til Sogndal er fotball, og i det store sportsanlegget på Fosshaugane Campus ligg den beste klatreveggen i Norden. I brebygda Fjærland ligg ein av dei få bokbyane i landet og Norsk Bremuseum. I den gamle handelsstaden på Kaupanger ligg ein verna storgard og Kaupanger stavkyrkje.
Lenker:
Fakta om kommunen
Andre lenker