Solund 

Torsk og tapas. Landpostbod og breiband. Kokekaffi og cappuccino.

SolundSolund er ein rein øykommune. Når ein er fødd og oppvaksen lengst vest i havet, blant holmar og skjer, vert ein vant til å klare seg sjølv. Slik er vi som bur her; hardføre, men venlege, og med ambisjonar om å vidareutvikle Solund som ei god stad å bu både for unge og eldre. Kommunen er den minste i fylket målt i tal innbyggjarar, så vi veit å setje pris på kvarandre.

Vi som bur her, er stolte av staden vi bur på. Vi opplever også at fleire og fleire utanfrå vår eigen kommune har oppdaga kor godt det er å bu her. Difor vert det bygd mange nye bustader mellom knausane våre. Dei utanlandske tilflyttarane kjem frå Nederland, Tyskland og Polen.

Innbyggjarane i Solund trur på framtida, og er opptekne av å utvikle kommunen i positiv lei.

Dette syner att i store investeringar innafor næringslivet, og mange nyetableringar den siste tida.

Lenker:

Fakta om kommunen

 Andre lenker:

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt