Vik
Ostebar, bluesfestival inst i ein fjord, mellomalderkyrkjer og verdas sunnaste ost.
Vik er ei tradisjonsrik kulturbygd med to kyrkjer frå mellomalderen, verdas einaste ysteri for gamalost og landets einaste ostebar. Samstundes er Vik den tredje største industriarbeidsstaden i Sogn, og har eit variert industrimiljø.
I tillegg til Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje, begge frå 1100-talet, er Vik rik på gamle kulturminne, og mellom dei to kyrkjene ligg ei særmerkt samling gravhaugar frå tida 200 – 400 e.Kr. Vikøyri har eit verna, intakt strandsitjarmiljø med 60 hus, og handlegata på Vikøyri er ei av dei trivelegaste i Sogn, fri for glorete skilt.
Frå Vik er det kort veg til stader som høgdegardane Grønsberg på Seljadalen og Le i Framfjorden, statuen av Fridtjov den Frøkne på Vangsnes, og den veglause garden Finnabotn lengst vest i kommunen, der det annakvart år blir skipa til bluesfestival.
Avstanden mellom fjord og høgfjell er kort. På Vikafjellet kan ein gå på ski til langt ut på sommaren, og avslutte skituren med eit svalande bad i Sognefjorden. Fresvikbreen ligg innafor kommunen sine grenser. På fjellet er det elles rikeleg høve til aurefiske i vatna og i elvane.
Vik har mange vakre småbygder langs Sognefjorden, frå Finnabotn til Fresvik. I ei av dei, Feios, lagar nederlandske tilflyttarar gourmetis av lokale råvarer.
Lenker:
Fakta om kommunen
Andre lenker





