Sunnfjord
Sunnfjord ligg midt i Sogn og Fjordane, og stader som Skei og Førde er blitt viktige møtepunkt i fylket. Regionen har to byar med rundt 11 000 innbyggjarar kvar, og er inne i ei svært positiv utvikling. Lynnet i dei to byane har alltid vore ulikt, men i dag er stridsøksa gravlagt og samarbeidet trappa opp. Aksen Florø - Førde har no den høgste vekstraten i fylket, og er det største næringssenteret mellom Ålesund og Bergen.
Næringslivet i byane Florø og Førde utfyller kvarandre godt, og legg grunnlaget for ein stor og mangfaldig arbeidsmarknad. I hovudtrekk er det slik at Førde er stor på handel og tenesteyting, medan Florø har ein sterk industrisektor. Tradisjonelle næringar som landbruk, fiske og havbruk er òg viktige i Sunnfjord.
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (biletet) har sidan tidleg på 90-talet plassert Sunnfjord på det norske festivalkartet. Førde er òg sete for viktige kulturinstitusjonar som Sogn og Fjordane teater og Sogn og Fjordane kunstmuseum. Sunnfjord har fostra kjende biletkunstnarar, til dømes Kjartan Slettemark, Ludvig Eikaas, Oddvar Torsheim og Nikolai Astrup. Regionen er òg eit viktig sentrum for skrivekunst i Sogn og Fjordane, med fleire unge samtidsforfattarar.
Som i resten av fylket er Sunnfjord mangfaldig med omsyn til landskap. Vegen er kort frå karrige, vakre øyar i skjergarden utanfor Florø til høgfjellslandskap og rafting i breelvar.
Sunnfjord kan med rette kalle seg eit felles bu- og arbeidsområde. Infrastrukturen er god, og dei omliggande kommunane har kort reiseavstand til Førde og Florø. I tillegg til det gode vegsambandet har Sunnfjord to flyplassar med hyppige avgangar til dei største byane i Noreg. Florø har òg avgangar til utlandet.
| Sjå video frå Sunnfjord 2020 ->> Aviser:
|