Askvoll
Nyskaping. Internasjonalitet. Noregs vestlegaste ku.
Askvoll dekkjer området mellom ytste delane av Dalsfjorden og Førdefjorden og øyene utom, og er eit knutepunkt mellom sjø og land – med kort veg til dei beste natur- og kulturopplevingane i fjordane.
Her bur Noregs vestlegaste ku – midt mellom Bergen og Ålesund.
Kommunen satsar på å legge til rette for gode nærmiljø, nyskaping og næringsverksemd. Det finst mange døme på talent med skaparvilje som lykkast – nokre bokstaveleg talt på djupt vatn.
I Askvoll får du dei store opplevingane levert rett på døra. Natur og kultur i tett samspel, tilgjengeleg og utfordrande på same tid. Kommunen har aktive og inkluderande lokalsamfunn, engasjert ungdom og byggjer internasjonale nettverk. Med opne vindauge mot verda knyter dei viktige kontakter for Askvoll si framtid.
Kommunen ønskjer at Askvoll skal vere ein stad der du kan oppleve dine personlege eventyr - der dine villaste draumar kan realiserast, men òg ein stad der dei små kvardagseventyra kan få lov til å leve.
Fakta om kommunen
Andre lenker


