Flora
Heilt vest i Sunnfjord ligg den historiske kystbyen Florø. Byen vart grunnlagd i 1860, og var heilt fram til 1990-talet den einaste byen i Sogn og Fjordane. Flora kommune er kjent for offshore og havbruk og satsar på dei marine næringane.
Byen er eit viktig forsyningsknutepunkt for nordre del av Nordsjøen. Basemiljøet tel over 50 verksemder med INC og Saga Fjordbase som dei største enkeltbedriftene. Kompetansen her er alt frå tradisjonelle ingeniørar til økonomi og servicefag. Men også logistikk har utvikla seg til eit stort kompetansemiljø hos blant anna Fjord1 og Nortekstil.
På havbruk har Flora alt frå stamfisk, fôrfabrikk, laboratorietenester, slakteri, sal, økonomitenester, mekaniske verkstader, design- og kommunikasjonskompetanse.
I tillegg finnast det også offentlege arbeidsplasser ved Sogn og Fjordane Politikammer, Kriminalomsorga og Fiskeridirektoratet.
I Flora kommune finn ein og Flora Næringshage, der fleire små og mellomstore bedrifter er lokalisert. Nystarta verksemder og grundarar kan få ekstra drahjelp og bygge nettverk via administrasjonen i næringshagen og næringsutviklingsselskap Sunnfjord2020.
Kystvegen både nordover og sørover var frå gamalt av den mest brukte ferdselsåra, noko dialekten i sjølve byen ber preg av. Florøfolk skarrar slik dei gjer i Bergen, men i den indre delen av kommunen dominerer ein meir sunnfjordsk rulle-r.
Flora kommune er aktive på internasjonalt samarbeid, og har to vennskapskommunar andre stader i verda, Kelme i Litauen og Nkhotakota i Malawi. I 2006 blei kommunen heidra med ein internasjonal pris for dette arbeidet. Prisen vart overrekt av H.K.H Kronprins Haakon.
Vest for byen ligg mange øyar med levande lokalsamfunn: Svanøy, Fanøy, Askrova, Reksta, Kinn, Batalden og Hovden. Med eit husvære på ei av desse perlene kan ein kombinere nærleik til intens natur med pendling til ein god jobbmarknad i byen.
Lengre inne i kommunen finn vi fleire bygder der det tradisjonelle landbruket står sterkt. Eikefjord fekk i 2006 fylkeskommunen sin pris for idérike bygder. Samhandlinga mellom dei største byane i fylket er sterk etter at vegen til Førde fekk gul midtstripe.
Fakta om kommunen
Andre lenker
Kultur og oppleving