Førde
Folketalet i Førde har vore i sterk vekst siste åra. Som det største handelssenteret mellom Ålesund og Bergen, er byen ein naturleg møtestad for 45 000 menneske som bur innanfor ein radius av ein times reise.
Førde har eit variert arbeidsliv. Helse Førde er den største arbeidsplassen med 1200 tilsette i Førde. Omtrent like mange jobbar innan varehandel, hotell- og restaurantverksemd, medan 800 er sysselsette i industri og byggje- og anleggsverksemd. Andre viktige sektorar er finans, tenesteyting, IT og ikkje minst media og kommunikasjon, med Firda Media, NRK Sogn og Fjordane og Nynorsk mediesenter som tilsaman sysselset mellom 100 og 150 personar. Lotteri- og stiftelsestilsynet sysselset kring 50 personar.
Førde tilbyr høgskulestudium innan sjukepleie, ingeniør og teknisk fagskule. Høgskulane saman med dei tre vidaregåande skulane set eit viktig preg på skulestaden Førde.
Byen har eit omfattande og breidt tilbod innan fritidsaktivitetar. I Førdehuset er både idrett, kunst, dans og musikk samla under eitt tak. Kulturlivet i Førde er breitt, med teater, to kinosalar, fleire museum - og det sterke folkemusikkmiljøet kring Førdefestivalen, som er ein av dei få internasjonalt kjende festivalane i Norge. Fleire kjende kunstnarar og forfattarar kjem frå Sunnfjord, og eit nytt tilskot til Førde sitt litterære liv er Krimfest i Sunnfjord. Førde har elles utmerka seg nasjonalt innan volleyball.
Byen har eit stort idrettsanlegg i sentrum, og er i ferd med å lage ein stor idrettspark for mange ulike sportsgreiner. I 2011 vert det bygd trapper frå sentrum opp på Hafstadfjellet og TV-sendaren, og ein ny idrettspark er snart i ferd med å bli bygd like ved lakseelva Jølstra. Vegen er elles kort til andre gode naturopplevingar både i fjella og på sjøen: Havet, Sognefjorden, isbrear, alpinanlegg, langrennsløyper, golfbane og badestrender ligg alle mindre enn ein time unna Førde sentrum.
Førde har direkte flysamband med Oslo og Bergen - samstundes ligg byen ved E39, som bind Vestlandet saman.
|
Fakta om kommunen |
Festivalar og arrangement |
Video frå Førdefestivalen:































