Gaular
Fossar og dalar. Gardsopera. Motbakkeløp.
Gaular kommune har fått namnet sitt etter Gaularvassdraget som stammar frå Jostedalsbreen og Gaularfjellet. Vassdraget munnar ut i den mektige Osfossen inst i Dalsfjorden. Gaular har ville og vakre naturlandskap, men er likevel sentralt plassert i den næringssterke regionen Indre Sunnfjord. Med knappe to mil til regionssenteret Førde, og fire mil til industristaden Høyanger er Gaular eit godt val for dei som ønskjer å kombinere ein god arbeidsmarknad med god infrastruktur og landlege buområde. Kommunen satsar på unge etablerarar, og tilbyr byggjeklare tomter.
Landbruket har alltid vore viktig i Gaular. Den største næringa i kommunen er likevel etter kvart blitt transport. Fleire solide selskap innan vegtransport er etablerte i kommunen, og på flyplassen Bringeland ligg hovudkontoret til Airlift, eit leiande helikopterselskap i Norden.
Med sine 28 store og små fossar, har Fosseheimen i Gaular mange flotte naturopplevingar å by på. Storehesten og Litjehesten er kjende, ruvande fjell. Det årlege motbakkeløpet Storehesten opp trekk mange deltakarar frå fjern og nær. Fjellheiane frå Langeland og vestover er eit av dei mest populære skiområda i Sogn og Fjordane. Jakt og fiskemoglegheitene er i særklasse i dette området, og i 2007 var kommunen ei av vertskommunane for EM i flugefiske.
Vegen over Gaularfjellet gjennom den vakre Viksdalen er utpeka som Nasjonal turistveg. Viksdalen er ei bygd med stor dugnadsånd.
I Bygstad har det vakse fram eit kreativt miljø gjennom ”Vikingfjorden-prosjektet”, med gardsopera, kunstutstillingar, Gaularspelet, og ein vikingfestival. Dansefestivalen på Sande og Gaularmarknaden er andre viktige kulturhendingar. Det rike kulturlivet omfattar noko for ein kvar smak, og held høg kvalitet.
Fakta om kommunen
Lokale portalar
Kultur og oppleving

