Jølster

Knutepunkt i fylket. Biletkunst. Elverafting. Golf.

Rafting i JølsterJølster er kjend for vakker og variert natur, og er eit eldorado for variert friluftsliv. Her er friske elvestryk til rafting, og Jostedalsbreen kvelvar seg ut over dei høge fjella og byr på brevandring. På Vassenden ligg golfbana grøn og innbydande ved kanten av Jølstra som flyt stille forbi. Det er ei familievenleg bane med leikeplass for dei små.

Jølster har to store kunstnarnamn: Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas. Det originale og vakre Astruptunet finn vi på sørsida av Jølstravatnet. Her levde Nikolai med kona Engel og ein stor barneflokk. Astrup let seg fascinere av den grøne Jølster-naturen og valde ofte motiv som kombinerte store landskap med scener frå bygdelivet. Galleriet i Astruptunet inneheld faste utstillingar av kunsten hans. På Ålhus finn vi Eikaasgalleriet, som har ei stor samling av kunsten til Ludvig Eikaas. Eikaas er mest kjend for non-figurativ kunst og portrett. Galleriet har òg gjesteutstillarar.

Turisme er ei stor næring for Jølster. Audhild Vikens Vevstove har utvikla seg frå å selje og utvikle lokale husflidsprodukt til å femne om det meste av suvenirar. Verksemda har hatt ein eventyrleg vekst, med langt over 100 000 besøkande i butikken på Skei kvart år. Jølster har mange utleigehytter, og Skei hotell har nylig utvida både konferanseavdelinga og den generelle sengekapasiteten.

Midt i den naturfagre kommunen ligg Jølstravatnet, som er over 30 km langt og kjend som eit av dei beste fiskevatna i Noreg. Den største aurefangsten til no vart teken på stang og vog over 12 kilo. Om hausten blir vatnet brukt til næringsfiske. Både fersk og raka aure frå Jølster er kjende delikatesser.

Kommunesenteret på Skei er eit trafikalt knutepunkt i Sogn og Fjordane. Vegen nordover går til Byrkjelo gjennom Våtedalen. I dei bratte, grønkledde fjellsidene med snø på toppane beitar hundrevis av geiter. Mang ein bilist har måtte stogge for slentrande geiter - ei veg- og naturoppleving utanom det vanlege.

Lenker: 

Fakta om kommunen

Lokale portalar

Kultur, sport og oppleving

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt