Naustdal

Kunst. Natur. Vektløfting. Folkedans.

Budeia på NaustdalssandenNaustdal ligg midt mellom sunnfjordbyane Førde og Florø, og er ein perfekt plass å bu for pendlarar. Kommunen byr på stor klimatisk og visuell variasjon frå fjellheim til kyst, og høver godt til eit aktivt friluftsliv. Nausta er ei av dei beste lakseelvane i landet, og lokkar til seg mange flugefiskeentusiastar. Elles tilbyr det allsidige idrettslaget Tambarskjelvar aktivitetar innan mange idrettar, og har fostra fleire idrettsfolk på nasjonalt toppnivå. Naustdal har elles eit livskraftig folkedansmiljø som kvar veke inviterer til dans og levande musikk i Fosshalla. 

Kunstnarar frå Naustdal har i særleg grad sett kommunen på kartet. Både Oddvar Torsheim og Kjartan Slettemark vaks opp i kommunen. Den vesle bygda Vevring har sidan 1979 arrangert ei årleg utstilling av norsk og utanlandsk samtidskunst som får nasjonal merksemd. Naustdal kommune har planar om å bli eit regionalt senter for samtidskunst, særleg retta mot barn og unge. Tanken er å kople samtidskunst med nyskaping og samfunnsutvikling. Som eit symbol på denne satsinga blei Kjartan Slettemark sin skulptur ”Budeie med KjARTanroser” avduka sommaren 2007. Budeia skal inspirere til nyskaping, gje tru på eigne idear, og ikkje minst syne at det er lov å tenke annleis.

Fakta om kommunen

Kultur og idrett

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt