Spennande jobb midt i matfatet på Vestlandet

publisert 07.02.2012 av Redaksjonen

– Vi angrar ikkje på valget vi tok om å flytte frå storbyen for sju år sidan. I Sogn og Fjordane er det godt å bu og arbeide, seier kvalitetsdirektøren hos Lerum.

Foto: Thomas Bickhardt, bickfoto.no


Gjennom 4 generasjonar, sidan 1907, har Lerum produsert varer til norske hushaldningar.


I dag er Lerum ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus - både gjennom daglegvarebutikkar og storhushaldning.

Bedrifta er med i ordninga Framtidsfylket Trainee, og er medeigar i Framtidsfylket AS.

Møt dei på karrieremessene i Bergen 15. februar.

Lerum er ei tradisjonsrik hjørnesteinsverksemd med fabrikkanlegg i Sogndal kommune i Sogn.

Bedriftsomtale:

Lerum Fabrikker AS

– Visste du at det er like mykje antioksidantar i syltetøy som i friske bær?

Det er entusiastiske Merete Lunde (42) som spør. Sidan 2007 har ho vore kvalitetsdirektør hos Lerum i Sogndal, og har òg ansvar for forsking og utvikling hos den mer enn hundre år gamle saft-, jus- og syltetøysprodusenten.

Med to born, jobb og hus i utkanten av Oslo, og resten av familien andre stadar i landet, kom det store verdispørsmålet for Merete og familien: Skal vi la ungene vokse opp i byen eller i distriktet?

Det freista å flytte til Sogn der mannen kom frå, for å komme nærare familie. Men forutsetninga var at det var jobb til begge.

­– Det ble til at vi sa opp to karrierejobbar og flytta over fjellet til Leikanger ved Sognefjorden. Bygda ligg nær Sogndal, og området har mange arbeidsplassar for dei med høgare utdanning, seier Merete. Leikanger er administrasjonssentrum i Sogn og Fjordane med mange gode arbeidsplasser innan offentleg forvalting, medan Sogndal har mange spennande bedrifter og høgskule.
– Bygdene ligg dessutan midt i matfatet til noko av det beste av fjord og fjell som Noreg har å by på.

Merete er opptatt av å gje ungane moglegheitane til vekse opp med flott natur rundt seg, mange moglegheitar til fritidsaktivitetar, og å vere nær familie.

–  For ei småbornsmor er det ikkje så stor forskjell på å bu i by eller i distriktet. Forskjellen er at eg har meir balanse i kvardagen her. Vi slepp kø, men tilgjengjeld er det gjerne større avstandar. Vi har kaféar, kjøpesenter og kulturtilbod her òg,  men fokuset blir litt annleis. Tilbod, varer og butikkar har blitt mindre viktige. Friluftsliv og det lokale idrettslaget har blitt meir viktige.

Merete er dr. scient innan molekylær mikrobiologi, og fikk først jobb som distriktssjef i Mattilsynet i Sogndal. Eit par år seinare blei hun ansatt i Lerum med ansvar for produktutvikling og kvalitet, og fekk raskt ansvar for forsking og utvikling i tillegg.

I Sogn og Fjordane er det gode moglegheitar til å gjere karriere innan fleire område. Merete har følgande råd til dei som ønsker eit alternativ til storbyen: 
– Ta kontakt med bedrifter som du synes er interessante, og der du meinar du har kompetanse som passar. Ofte veit ikkje bedriftene at dei treng di kompetanse før du tek kontakt. Det gjeld å selge seg.

For nyutdanna er traineeordninga til Framtidsfylket ein gyllen moglegheit til rask inntreden i arbeidslivet. I tillegg får dei en mentor i bedriften, og deltar i eit nettverk med dei andre traineane i fylket. Lerum er blant dei mange bedriftane i fylket som tek inn trainear, som raskt får moglegheit til å bruke sine nyerverva kunnskapar på konkrete problemstillingar.

– I Lerum har vi mykje kompetanse, både erfaringskompetanse og fagkompetanse. Dei beste prosessane skjer når vi klarar å utnytte dei ulike kompetansane på same prosjekt, seier Merete.

Ho liker dessutan tanken på at dei i Lerum jobbar med sunne og velsmakande råvarer:
–  Det er viktig for meg å ha ein samfunnsnyttig jobb der eg får brukt kompetansen min. Det har eg her… Det har vi begge!

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Spennande jobb midt i matfatet på Vestlandet”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt