Stryne-karar kan bli årets bygdeprofil

publisert 08.12.2009 av Redaksjonen

Simen Staalnacke og Peder Børresen i Moods of Norway gir seg sjølve ein spontan applaus etter å ha høyrt Nationes grunngjeving for nominasjonen til årets bygdeprofil.

Stryne-karar kan bli årets bygdeprofil

Hovudmålet deira har heile tida vore, i tillegg til å gjere bestemor stolt, å lage glade klede til glade folk. Det skriv Nationen, som kårar Årets bygdeprofil i Norge 2009, og har nominert Moods-karane frå Stryn i Nordfjord.

Sju år har gått sidan dei tok mote-Norge med storm. Klede i sjokkrosa og lilla med bondesymbol og erkenorske historier appellerte til folk som ville skille seg ut. Mildare versjonar vart teke inn i varmen av folk flest. Og Moods of Norway-konseptet har blitt pensum på Harvard.

Frå den fyrste kolleksjonen vart lansert i 2003, har omsetjinga auka frå om lag 400.000 kroner den gong, til godt over 52 millioner i 2008. I 2009 har dei budsjettert med å nå 100 millionar kroner, og ligg svært godt an. Dei har ni eigne Moods-butikkar i Noreg, og er godt på plass i USA, Sveits, Nederland, Japan og Island. Rett over jul lanserer dei sin nye kolleksjon i sju butikkar i New York. Det kan ikkje gå fortare enn det gjer.

– Bestemor er stolt. Det må ho no vel vere? undrar Simen. 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Stryne-karar kan bli årets bygdeprofil”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt