Vindkraftsatsing i medvind
I Nordsjøen er det venta å bli bygd ut vindkraft for nærare tusen milliardar kroner dei komande ti åra. Dei mange spennande bedriftene innan vindkraftmiljøet i Måløy satsar sterkt på å vere sentrale aktørar i dette vindkrafteventyret, og andre miljø i Sogn og Fjordane kjem raskt etter.
Slik kan ein oppsummere det dei fekk høyre, dei meir enn 250 vindkraftinteresserte forskarane, politikarane, skuleleiarane og næringslivsfolka, som var samla på Vindkraftforum 2010 i Måløy tysdag 2. mars 2010.
– Det er tredje gongen det i løpet av to år har vore vindkraftkonferanse i Måløy, men denne gongen var interessa enorm, seier styreleiar Alfred Bjørlo i Vindkraftforum Sogn og Fjordane, som har all grunn til å vere nøgd med tilbakemeldingane.
Prosjektleiaren for Hywind, Statoil sitt pilotprosjekt for flytande vindkraft, Sjur Bratland sa det slik til NRK Sogn og Fjordane:
– Måløy framstår som ein spydspiss i det norske vindkraftmiljøet.
Ønskjer offshore vindkraft utanfor Sogn og Fjordane
Vindkraftforum meiner at vindsystema i den nordlege Nordsjøen bør nyttast til å skaffe Europa fornybar energi i periodar der vindmøllene i den sørlege delen av Nordsjøen står stille. På konferansen i Måløy støtta olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) argumentasjonen om at dei to havområda, sørlege og nordlege del av Nordsjøen, bør jamstellast.
Dette vart fulgt opp av leiar Erling Sande (Sp) i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget som to dagar etter konferansen understreka at nordlege Nordsjøen, utanfor Sogn og Fjordane, skal vurderast som utbyggingsområde for offshore vindkraft.
Tidlegare statsråd og partileiar i Sp, Åslaug Haga, er no prosjektleiar for fornybar energi i Norsk Industri. Ho gav uttrykk for at Sogn og Fjordane satsar heilt rett når ein no prioriterer produktutvikling og leveransar til næringa internasjonalt.
Signerte avtale om testsenter for offshore vind
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen var elles imponert over kompetansen som var samla i Måløy, og viljen til satsing. Med ministeren til stades signerte Sogn og Fjordane fylkeskommune og det norske forskingssenteret for offshore vindteknologi, Nowitech, ein intensjonsavtale om å utvikle eit nasjonalt senter for testing av vindmøller i Måløy.
Testsenteret skal knyttast til det etablerte Sikkerheitssenteret i Måløy, som har landets mest avanserte skipssimulatormiljø, og har utvikla 360 graders simulatormodellar for offshore vindkraft. Sikkerheitssenteret som Sogn og Fjordane fylkeskommune har bygd i Deknepollen ved Måløy, og som mellom anna vert nytta av Måløy vidaregåande skule, gjev kontinuerleg kurs og opplæring i maritime yrke.
– Det er behov for radikale forbetringar i teknologi for drift, vedlikehald og installasjon av offshore vindmøller. Å kunne køyre avanserte simuleringar av slike løysingar før dei vert prøvd ut i full skala, slik det vert lagt til rette for ved Sikkerheitssenteret i Måløy, er av svært stor verdi for hele bransjen, seier Nowitech sin senterdirektør John Olav Tande om bakgrunnen for at dei teiknar intensjonsavtalen.
– Det er svært gledeleg å sjå at satsinga Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort på å bygge opp eit førsteklasses simulatormiljø ved Sikkerheitssenteret i Måløy no får gjennomslag nasjonalt, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.
Raskt veksande vindkraftmiljø
Fylkesordførar Nils R. Sandal peikar også på at Sikkerheitssenteret er ein del av eit større teknologimiljø i Måløy retta inn mot offshore vind:
Søsterbedriftene Easy Form og Best Mould designar og produserer plugg/form i kompositt, og leverer originale støypeformer av vindmølledelar til kundar internasjonalt. Stadt Towing Tank har eit 182 meter langt testbasseng, og leverer nyutvikla teknologi mellom anna inn mot offshore vind.
Brothers AS utviklar det nye konseptet Sea Bridge for entring av offshore vindmøller frå båt, medan Måløy Verft byggjer service- og forsyningsskip for vindmølleparkar. Prototypen har namnet S-Cat (biletet), og er teikna av Ola Lilloe-Olsen og modellert av NordWest3D. Skipsreiar Fredrik Odfjell i FOB Shipping har tinga den første båten, og har opsjon på tre båtar til.
Odfjell seier til avisa Firda at bransjen meiner det innan tre-fire år er behov for hundre nye båtar som skal gå til og frå vindmølleparkane, og han meiner at Måløy-miljøet er av dei som er komne aller lengst i landet på å sjå muligheitene som ligg på dette området og å utvikle ny teknologi.













Kommentarer på artikkelen “Vindkraftsatsing i medvind”
Skriv din kommentar