Vurderer bru over Sognefjorden
Norges lengste fjord kan få bru med verdas lengste spenn. Eller tunnel hengande under sjøoverflata. Men prislappen blir høg.
Sognefjorden er lang, djup og brei, og har fleire ferjekryssingar.
Vegvesenet jobbar med å vurderer mogleg ferjefri kryssing av fjorden, og problemstillinga vart aktuell etter at samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa sa at alle ferjestrekningar på kyststamvegen mellom Stavanger og Trondheim skal bli sjekka, skriv bt.no.
Målet er å finne kva ferjer som i framtida kan bli arbeidsledige. Kryssinga av Sognefjorden er rekna som det største teknologiske problemet.
Strekninga mellom Lavik og Oppedal, langs dagens hovudveg, er utgangspunktet for planlegginga til Vegvesenet. Der er fjorden litt over 3,7 kilometer brei. Ikkje langt unna Lavik er fjorden også på sitt djupaste, 1300 meter under havets overflate.
(Foto frå Lavik ferjekai: Arild Nybø, Mediebruket.no)







Kommentarer på artikkelen “Vurderer bru over Sognefjorden”
Maggi sier:
Dette uger så sykt jeg hater denne netsiden!!
Skriv din kommentar