Fantastisk trainee-periode gav meirsmak og fast tilsetjing hos Sogn og Fjordane Energi
VIDEO: - Året som Framtidsfylket Trainee var fantastisk interessant og lærerikt. Og derfor er vi kjempeglade for å få jobbe videre her i Sogn og Fjordane Energi, seier Jannicke og Monica.
Jannicke Lindvik er frå Ski i Akershus. Ho hadde sett for seg ein marknadsjobb på Austlandet etter at ho var ferdig med studiar i Bergen, men i staden blei ho trainee i Sogn og Fjordane Energi på Sandane.
– Ein marknadsjobb i eit energiselskap på Vestlandet er fjernt frå kva eg hadde sett for meg, men då eg vart tipsa om traineestillinga blei det til at eg søkte. Og då eg kom på intervju var eg overtydd om at eg måtte gripe denne sjansen.
Mannen, Frode Lindvik, som opphavleg er frå Eid, er fabrikksjef i Strukturplast på Sandane.
Monica Brandsøy Lystad er frå Florø og utdanna siviløkonom med marknadsføring som hovudfag.
Ho har nå fått fast jobb i Sogn og Fjordane Energi og jobbar med marknadsføring og som miljøfyrtårnkonsulent. Også Monica har vore Framtidsfylket Trainee i SFE.
Sykkel og energi er stikkorda for kvifor nåverande Framtidsfylket Trainee, Gjermund Kvernmo, er på Sandane i Gloppen. Han er ivrig offroadsyklist og oppsøker dei høgaste fjell for så å kunne sykle ned igjen.
Av utdanning har han bachelor i elektronikk og mastergrad i miljøfysikk og fornybar energi. Energiske Gjermund ville jobba med energi og då helst i eit geografisk område der han kan trivast også i fritida. Gjermund har ei trainee-stilling som energirådgjevar i Sogn og Fjordane Energi.
Møt dei alle i videoen ovanfor.
Artikkel - les meir om traineeane hos Sogn og Fjordane Energi
Video: Hovedfilmen: Karriere i Sogn og Fjordane - Framtidsfylket
Artikkel: Bakgrunnen for filmserien "Karriere i Sogn og Fjordane - Framtidsfylket"





