Silje valde ei juristkarriere hos Lotteri- og Stiftelsestilsynet i Førde
VIDEO: Det er kjempeflott at Lotteri- og stiftelsestilsynet vart lagt til Førde. Som jurist får eg då bu der eg vil bu, samtidig som eg har ein svært engasjerande jobb.
Las Vegas, Washington.....det er byar juristane i Lotteritilsynet reiser til i samband med jobben. Og ein del av jobben er å kunna reglane i poker.
– Det er viktig å vita korleis dei ulike spela foregår, seier Silje Sægrov.
– Når det gjeld pokerspel får me mange spørsmål om kva som er lovleg og ikkje. Me reiser ein del også for å ha kontakt med personar som jobbar med spelregulering i andre land.
Silje Sægrov tok juristutdanninga i Bergen. Ho er frå Førde og ønskte seg relevant jobb i nærleiken. Og det syns ho så absolutt at ho har fått. Ho stortrivst saman med andre juristar, økonomar, datakyndige og andre fagfolk i Lotteritilsynet.
Sjå videoen ovanfor for å bli meir kjend med Silje og Lotteri- og Stiftelsestilsynet.





