Ung prosjektingeniør med stort ansvar
VIDEO: – Eg er audmjuk og litt stolt over å bli tildelt denne oppgåva, seier Kjell Johnny Kvamme i Sunnfjord Energi. Han har det tekniske ansvaret for Kjøsnesfjorden kraftverk, ei utbygging til 900 millionar kroner.
I den nye filmen "Karriere i Sogn og Fjordane - Framtidsfylket" er Kjell Johnny Kvamme ein av dei vi møter. No er oppfølgjaren klar, der vi blir litt meir kjende med han. Klikk på biletet ovanfor for å sjå filmen om Kjell Johnny.
Trass i sin relativt unge alder, fekk Kjell Johnny Kvamme eit stort ansvar som nytilsett i Sunnfjord Energi. Det har vore mogleg fordi han har gått gradene, med å først ta fagbrev og få erfaring med arbeidet «på golvet» i energiselskapet, før han tok ingeniørutdanning og sommaren 2009 søkte seg attende til selskapet der han hadde starta som lærling.
– Eg byrja som lærling i Sunnfjord Energi og trivdest utruleg godt. Der er godt arbeidsmiljø og kjekke kollegaer. Då eg fekk tilbodet om ei slik spennande stilling heime i Førde etter endt utdanning var valet lett. Eg er oppvaksen her, så eg er vel priviligert som har funne ein så god jobb på heimstaden som nyutdanna.
Og etter kort tid fekk han i 2009 ansvaret for kjempeprosjektet Kjøsnesfjorden Kraftverk, ei kraftutbygging til ein kostnad av 900 millionar kroner:
I 2010 sto kraftverket ferdig, og i videoen blir vi meir kjende med både Kvamme og det enorme prosjektet i fjella i Jølster.





