Vestland – Eit arbeidsliv som gir meir
I Vestland kan du vere med og påverke utviklinga i bransjar som er avgjerande for Noreg og verda. Du får ein meiningsfull jobb, men også meir tid til det som betyr mest.
Oppdag ein arbeidsregion med både slagkraft og pusterom. Oppdag vestlandsliv!


Start arbeidslivet som trainee i Vestland
Har du lyst til å gi deg sjølv ein god start på arbeidslivet? Som trainee i Framtidsfylket får du med deg gode verktøy frå starten, støtta du treng som ny og eit nettverk av andre nyutdanna. Og kanskje best av alt? Du blir betre kjend med vestlandslivet og alt det har å by på.
Aktuelt
Få siste nytt om arbeidslivet i Vestland og bli inspirert til å ta steget!
-

Ny undersøking: Vestland lokkar med natur og livskvalitet – men få kjenner arbeidslivet
Vestland er blant dei mest attraktive fylka å bu og arbeide i. Men medan fjordar, fjell og livskvalitet gir fylket ein sterk nasjonal profil, er det få som forbinder fylket med karriere og spennande arbeidsgivarar. Det viser den ferske rapporten Talent City Index Vestland 2026
-

Eit arbeidsliv i endring: Dette tok vi med oss heim frå FOLKA
Kva skjer når kunstig intelligens endrar arbeidsoppgåver, når forventningane til jobb endrar seg raskare enn regelverket, og stadig fleire arbeidsgjevarar konkurrerer om dei same folka?
-

10 ledige stillingar i november
Kva skjer på jobbmarknaden i Vestland akkurat no? Vi har plukka ut 10 ledige stillingar til deg.

Dei tok steget til Vestland
Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Vestland. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
