I Lerum får du sjansen til å påverke. Kanskje er det du som skal utvikle morgondagens saftsmakar?
Kva er det mest spennande som skjer i Lerum akkurat no?
Korona har gitt utslag i at folk et og drikk meir heime no enn før. Akkurat no jobbar vi med korleis vi kan møte denne nye marknaden i form av nye produkt og smakar. Innovasjon er både spennande og nyttig å jobbe med.
Kva er det mest attraktive med å jobbe i Lerum?
Her får alle ansvar. Vi er ei a til å bedrift med alle ledd og funksjonar i bedrifta, frå produksjon til sal og marknad. Sidan vi eig heile verdikjeda sjølv, opnar det for mange karrieremoglegheiter blant tilsette.
Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?
Vi tilbyr moglegheita til å påverke. Om du ønsker å ha meir ansvar og vere med og innovere, så er det store moglegheiter i bedrifta.
Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:
Saft, juice og syltetøy.
Kva er Lerum sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?
Vi har ein berekraftsstrategi som handlar om å ta vare på. God foredling av naturen er det viktigaste, og vi har alltid ernæring, menneske og lokalsamfunnet i fokus.
Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?
Vi heiar på mange! Det betyr at vi har mange samarbeid og sponsar små og store i lokalsamfunnet, blant anna Sogndal fotball. Vi er veldig opptatt av å ta vare på samfunnet rundt oss, og det å vere etablert i Sogn ser vi på som eit ansvar i seg sjølv.
Kor tid kokar det hos Lerum?
Når sylta er klar. He-he. Her er det fullt kok heile året.
Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Lerum?
Dei med snert i søknaden. Vi er veldig for allsidigheit og kva du leverer av deg sjølv. Mennesket er alltid viktigast, og dei som kan levere blir ein del av Lerum-familien.
Kven set spor på intervju?
Dei med det vesle ekstra. Vi er veldig opptatt av engasjement. Ekte, stolt, ærleg og engasjert er verdiane våre, og det er viktig å identifisere seg med dei.
Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Lerum utan å seie det: