Registrer medlemskap

Ta del i fylkets største rekrutterings- og kommunikasjonsplattform, vis fram ledige stillingar og kom i kontakt med relevante jobbsøkarar. Over 200 bedrifter i Vestland er med i nettverket. Bli med du også!

Missing caption

Kvifor bli medlem?

Vi har ein av Norges mest spennande arbeidsregionar, og det må vi fortelje jobbkandidatane.

Som medlem bidrar du til å løfte fram #vestlandslivet og Vestland som ein sterk arbeidsregion. Du bidrar til å vise mangfald og breidde i arbeidsmarknaden i Distrikts-Vestland.

Framtidsfylket jobbar for at fleire skal få auga opp for arbeidslivet i Vestland. Derfor er vi her for deg – slik at du kan bli synleg for jobbsøkarane.

Som medlem får du:

  • Ei eiga side der du kan presentere bedrifta di for framtidige tilsette med tekst, bilete og video
  • Legge ut uavgrensa ledige stillingar på portalen
  • Tilgang til traineeordninga
  • Tilgang på rådgjeving i rekrutteringskommunikasjon – employer branding
  • Tilgang til marknadsføringspakkar for rekrutteringskommunikasjon
  • Invitasjon og medlemspris på arrangement, kurs og møteplassar
  • Ta del i marknadsføringa av #vestlandslivet

Kva kostar det?

Prisen har vi differensiert ut i frå kor mange tilsette i verksemda:
0-5 tilsette: 3000,- pr år
6-10 tilsette: 5000,- pr år
11-20 tilsette: 7500,- pr år
>20 tilsette: 12.500,- pr år
Priser er eks.mva.

Klar for å registrere verksemda?

Registrer medlemskapet sjølv ved å fylle inn dette skjemaet:
https://www.framtidsfylket.no/registrer


Eller kontakt post@framtidsfylket.no.

Kva har vi gjort for våre medlem?

Missing caption

Kommuniser betre – få fleire søkarar

Profiler deg som ein attraktiv arbeidsgjevar. Vi er din rådgivar innan innhaldsmarknadsføring, profilering i sosiale medium og hjelp med stillingsutlysing.