Osland Havbruk

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Osland Havbruk

Gjengen i Osland Havbruk har det best når det er full fart og fisken har det bra.

Kva er det mest spennande som skjer i Osland Havbruk akkurat no?

Osland er i vekst. Selskapet har dei siste åra jobba systematisk med avlsmateriale på ørret, og vi ynskjer å løfte dette arbeidet vidare. Vi rustar organisasjon og anlegg for å bli ein solid marknadsaktør på levering av rogn. Selskapet treng kompetanse innan biologi og teknologi, og vi ynskjer å bygge eit framtidsretta lag innan avl og genetikk. Selskapet arbeider også med ny teknologi og ventar spent på å kunne ta i bruk semilukka teknologi i kommande utsett på sjø. Her endrar vi oss i retning meir teknologisk utstyr og treng å utvikle kompetansen til ny drift.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Osland Havbruk?

Selskapet er lokaleigd, har ei aktiv haldning til lokalsamfunnet og ynskjer å produsere ein smak av Sognefjorden som er sunn og framtidsretta mat. Selskapet har gode moglegheiter til personleg utvikling, og vi skal ha det kjekt på jobb.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Moglegheit for vidareutdanning, kursing og personleg utvikling er viktig for Osland. Det har vore ei brei satsing på fagbrev, og vi har også tatt inn trainear. Selskapet arbeider tidleg med rekruttering og ynskjer å vise oss fram til ungdommane. Selskapet kan tilby den tilsette ein aktiv arbeidskvardag der alle får delta aktivt i arbeidet.

Osland Havbruk

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Praten rundt morgonkaffien
  • Arbeid med klare mål og oppfølging
  • Alle skal gi beskjed og både bli sett og høyrd

Kva er Osland Havbruk sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Osland arbeider heile tida med effektivisering og forbetring. Vi trur at det er dei små grepa i kvardagen som kan vere med og bidra i den store samanhengen. Vi arbeider med å bli bevisste våre utfordringar som er knytt til utslepp, og arbeider aktivt med forbetringskultur. Vi tar og større grep som skal gi varige og betre driftsformer og positiv klimaeffekt.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Vi forsøker å støtte lokalsamfunnet og har dette som ein av våre viktige verdiar: samfunnsbyggjar. Vi gjer dette først og fremst gjennom å skape lønnsame arbeidsplassar i distriktet. Vi ynskjer å støtte lokalsamfunnets engasjement og oppmodar til aktivitet i bygdene der vi er lokalisert og har våre tilsette.

Kor tid kokar det hos Osland Havbruk?

Det kokar alltid på Osland og vi har det best når det er full fart og fisken har det bra!

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Osland Havbruk?

Teknisk kompetanse med stor interesse for biologisk produksjon.

Kven set spor på intervju?

Sunn ungdom som ynskjer å være med og forbetre næringa og som har gode tankar om framtidas havbruk.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Osland Havbruk utan å seie det:

Osland
Jobb i Osland Havbruk