Havnæringa er i stadig utvikling, og det er også Selstad. Kjekke kollegaer gjer arbeidsdagen til meir enn ein arbeidsdag.
Kva er det mest spennande som skjer i Selstad akkurat no?
Det skjer mykje spennande i Selstad om dagen. Vi jobbar med fleire nye prosjekt innan fiskeri- og akvakultur, har fleire nyoppretta stillingar som skal etablerast, samtidig som vi jobbar med utbygging av servicestasjonen vår for oppdrett i Måløy.
Kva er det mest attraktive med å jobbe i Selstad?
Vi jobbar for å vere ein attraktiv arbeidsplass med sterke fagmiljø forankra i eit godt arbeidsmiljø. Selstad driv innanfor ein enormt spennande bransje, der det er fokus på framtida, berekraft og utvikling. Her er det alltid noko nytt å lære og nye mål å strekke seg etter.
Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?
Hos oss skal du ha moglegheit til vidareutvikling. I produksjonen har vi eit internt fagbevis som ein blir kvalifisert for etter tre års arbeidserfaring. I tillegg legg vi opp til kursing, vidareutdanning og anna fagleg påfyll som styrkar kvar enkelt og Selstad som bedrift.
Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:
Kva er Selstad sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?
Alle våre servicestasjonar er nullutsleppsstasjonar, og vi tilbyr mottak av produkt som blir sendt til resirkulering. I tillegg har vi fleire prosjekt gåande som bidreg til det grøne skiftet, og vi jobbar heile tida etter miljøsertifiseringa vår.
Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?
Vi tar vare på havet gjennom å levere kvalitetsprodukt med lang levetid og som er tilpassa havnæringa sine ønske, krav og forventningar. Vi er også medlem av Marine Recycling Cluster (MRC) som jobbar med å halde havet reint.
Kor tid kokar det hos Selstad?
Det skjer mykje heile tida. Vi har opplevd stor vekst dei siste åra, og jobbar for å fortsette denne. Vi er del av havnæringane som heile tida er i utvikling, og det skal vi også vere!
Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Selstad?
Akkurat no har vi ei ledig jobbmoglegheit som Assisterande formann i Måløy. På generell basis er vi opptatt av å ha menneske i forskjellige aldersgrupper, kjønn og bakgrunn. Det er ein styrke å ha diversitet i bedrifta.
Kven set spor på intervju?
Dei som har eit ønske om å bidra positivt til Selstad og arbeidskulturen vår. I tillegg set du spor viss du deler verdiane våre om høg kompetanse, god service og innovasjon.
Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Selstad utan å seie det:
For open søknad sende søknad og CV til HR-sjef Kristian Reed på e-post kristian.reed@selstad.no.