Gode diskusjonar, mykje latter og sjansen til å påverke summerer opp arbeidsmiljøet i Tibber.
I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.
Kva er det mest spennande som skjer i Tibber akkurat no?
Tibber har vakse i rekordfart det siste året, både med tanke på tal kundar, og ikkje minst med tanke på tilsette. Det er fantastisk spennande å få inn nye, dyktige kollegaer og bli kjent med desse på tvers av landegrenser.
Kva er det mest attraktive med å jobbe i Tibber?
Alle som jobbar i Tibber er med på å forme selskapet og løfte oss vidare for å nå ambisjonane våre. Tibber har ein flat struktur der ein har stor påvirkningskraft dersom ein ønsker dette. Og så har vi det veldig kjekt på jobb. Gode diskusjonar, mykje latter og moro trur eg er ein god beskrivelse for kvardagen vår.
Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?
Organisasjonen utviklar seg kontinuerlig og nye moglegheiter dukkar opp. Noko som står sterkt i vår kultur er at om ein tar ansvar, får ein ansvar.
Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:
Kva er Tibber sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?
Tibber si fremste oppgåve er å bruke teknologi til å hjelpe forbrukaren til å redusere straumforbruket. Sett opp mot globale klimamål, der energieffektivisering kan stå for 40% av utsleppskutta som trengs fram mot 2050, er dette vårt viktigaste bidrag.
Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?
Vi er ikkje berre opptekne av miljø og klima! I vår bærekraftstrategi ligg det også at vi skal drive verksemda vår på ein god og etisk forsvarleg måte i heile verdikjeda, at vi skal ha positiv innverknad på lokalsamfunnet og at vi vil inspirere andre til å leve meir bærekraftig. Til dømes samarbeidar vi med leverandørane til nettbutikken vår om forbetringar og vi har eigne “Sustainability Challenges” for dei tilsette i Tibber.
Kor tid kokar det hos Tibber?
Tempoet er høgt, så det kokar som regel litt heile tida🤯
Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Tibber?
Det å identifisere gode kandidatar gjennom ein skriftleg jobbsøknad er alltid vanskeleg. Men dei som klarer å få fram kvifor dei ønsker å jobbe akkurat hos Tibber og grunngi dette på ein god måte, er ofte dei som trekk det lengste strået og får anledning til å komme på intervju.
Kven set spor på intervju?
Dei kandidatane som har ein klar tanke om kvifor dei ønsker å jobbe hos oss og som tydeleg klarar å vise ein motivasjon for dette er gjerne dei som stikk seg ut. Om ein i tillegg har klare tankar om kva ein kan bidra med, og kanskje også utfordrar oss på enkelte område, så er ein komme langt.
Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Tibber utan å seie det: