Vestlandsforsking

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Vestlandsforsking

Vestlandsforsking tilbyr ein meiningsfull og viktig jobb, men også interrailtur og mykje latter.

Kva er det mest spennande som skjer i Vestlandsforsking akkurat no?

Gleda er stor når vi får finansiert store prosjektsøknader. Nyleg fekk vi vite at Forskingsrådet har valt å løyve 14, 4 millionar kroner til eit prosjekt om sirkulærøkonomi, eller korleis vi betre kan gjenvinne og handtere plast frå fiskeri og havbruk. I dette høgaktuelle arbeidet, som skal bidra til at mindre plast kjem på avvege i havet, skal 27 verksemder samarbeide, og Vestlandsforsking skal leie arbeidet.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Vestlandsforsking?

Det er meiningsfylt å jobbe med dagsaktuelle problemstillingar innan klima og miljø, der verda står midt i alvorlege kriser. På same måte trur vi forskarane på felta reiseliv og teknologi og samfunn kjenner at dei er kopla på utfordringar som samfunnet treng å løyse, og der forskinga kan bidra til å auke forståing og innsikt. Der det finst kunnskapshol, kjenner vi oss nyttige. Personleg interesse for ei samfunnsutfordring og eit fagfelt er ei viktig drivkraft, og gjer det veldig tilfredsstillande å jobbe her. I tillegg har vi ein svært fleksibel arbeidskvardag med stor fridom når det gjeld kvar, når og korleis vi løyser oppgåvene våre.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Å ta ein doktorgrad er eit privilegium og eit mål dei fleste yngre tilsette siktar seg inn mot. Det inneber å jobbe sjølvstendig og fokusert med eit nokså smalt tema over fleire år, og kan sjølvsagt vere litt av eit slit undervegs.

Hos oss kan ein ta ein doktorgrad med vanleg løn og arbeidsvilkår, i eit triveleg arbeidsmiljø, og slik sett løfte seg til neste nivå der ein får endå meir ansvar og større fagleg fridom. Til dømes kan forskarar med ph.d. leie forskingsprosjekt.

For meir erfarne forskarar som alt har doktorgrad, er det rom for å utvikle seg ved å publisere fleire akademiske artiklar og bøker, undervise og formidle eller kanskje ta ein postdoc-grad.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Vi er ein arbeidsplass der folk smiler og ler - frå personalleiar Monica som er den første du ser når du kjem inn, til trettiåringar som skrattar saman med sekstiåringar i ein sofakrok. Vi trur dei fleste trivst godt på jobben.
  • Den nye kaffimaskina direktøren kjøpte til oss etter eit år med pandemi og heimekontor.
  • Er det lov å trekke fram reiser? Før mars 2020 var reiser ein del av arbeidsdagen for mange av oss. Det kan dreie seg om fagkonferansar eller prosjektmøte i Førde, Oslo eller kanskje Tokyo. Sist vi feira jubileum, reiste faktisk heile instituttet på ein slags interrail til Italia, Austerrike og Sør-Tyskland. Å oppleve nye stader saman med gode kollegaer er fantastisk. Då blir ein godt kjende.
Vestforsk

Kva er Vestlandsforsking sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Det viktigaste bidraget vårt er nok at klima- og miljøforskarane gjennom forsking og formidling set søkelys på kor farleg dette kan bli for oss dersom verda ikkje set inn tiltak.

Særleg blant klima- og miljøforskarane har det vore veldig mykje snakk om å kutte i reiser. Vi veit av forskinga vår at å kutte reiser, særleg med fly, er eitt av dei aller viktigaste tiltaka når det gjeld å få ned CO2-utsleppa. Viss prosjekt verkeleg krev at ein reiser til Paris, synest mange at instituttet må følgje opp ved å godkjenne at tilsette brukar den tida det tek å forflytte seg dit med tog.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Samfunnsansvar kan jo gjelde mange område, og alt det faglege arbeidet vi gjer, skal vere i tråd med berekraftmåla. Når det gjeld måten vi driv vår eiga verksemd på, har vi lenge vore opptekne av å kutte både avfall og reising, i tillegg til å velje klima- og miljøsmarte løysingar til dømes dersom vi skal skaffe oss nye lokale eller tenke ut opplegg for prosjekt og turar – ein kan alltid gjere ting på nye og betre måtar. Vi er Miljøfyrtårn-sertifiserte og går kvart år gjennom tala for å sjå om vi kan stramme inn meir. No er vi blitt bra papirlause, og vi har fått på plass gode ordningar for resirkulering på jobb – faktisk kan eg knapt hugse sist eg brukte skrivaren på jobben. Som nemnt er det likevel flyreisene det gjeld å kutte i, og her er det berre å håpe at pandemien og dei digitale møta kan endre vanar og forventningar for godt.

Kor tid kokar det hos Vestlandsforsking?

Vestlandsforsking er ei stifting, og vi hentar mesteparten av inntektene våre gjennom prosjekt som vi konkurrerer om å få midlar til. Difor ervforskarane heilt nøydde til å legge sjela si i gode søknader med ein gjennomarbeidd, godt forklart idé og eit komplett opplegg for gjennomføring. Slike søknadsprosessar krev mykje tid, og uansett kor tidleg ein startar, vil det like før fristen kome stressande dagar for dei som fører søknaden i pennen.

Alle avtalar med dei som skal delta – anten det er andre forskingsmiljø, frivillige organisasjonar eller til dømes kommunar – må vere på plass, og alle CV-ar og andre dokument samla inn. Før viktige fristar, særleg hjå Forskingsrådet, kanein sjå mange raudkinna fjes i lokala våre.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Vestlandsforsking?

Vi ønskjer oss folk som er fagleg sterke, kreative og glade i å samarbeide med andre. Å vere forskar handlar berre delvis om å sitje for seg sjølv, slik ein gjerne ser for seg. I røynda må ein ut og treffe alle slags folk i samfunnet. Då gjeld det å kunne snakke så folk forstår og vere open for andre sine tankar og perspektiv.

Kven set spor på intervju?

Dette kjem an på type stilling og fagområde. Vi treng ulik fagkompetanse og ulike personlegdomar for å skape eit fint arbeidsmiljø, så vi har bruk for både dei som er utåtvende og dei meir innåtvende. Det vi ser etter, er kor godt personen passar til den utlyste stillinga, kor godt vedkomande svarar og reflekterer i intervjusituasjonen og kor motivert ho eller han er for jobben. Samsvarar dette godt med referansane, set det spor hos oss.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Vestlandsforsking utan å seie det:

Vestlandsforsking
Jobb i Vestlandsforsking