sparebanken sogn og fjordane mennesker i møterom

Nyheiter

10 ledige stillingar i desember

Kva med ein ny jobb til jul? Her er ti spennande jobbar i Vestland som du rekk å søke på før høgtida set inn.

Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane.

UWC Røde Kors Nordisk skal ha Finance Manager

Har du økonomibakgrunn og lyst på ei spennande stilling i eit internasjonalt miljø? UWC Røde Kors søker Finance Manager til kontoret i Fjaler:

Les meir

Er du god på å planlegge arrangement og prosjekt? Dei søkjer også etter ein event og prosjektkoordinator.

Og dotterselskapet UWC Connect søkjer ny dagleg leiar.

UWC Røde Kors i Fjaler

UWC Røde Kors i Fjaler

Sparebanken Sogn og Fjordane har fleire spennande stillingar

Vil du bli ein del av det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen? Sparebanken Sogn og Fjordane søker deg som vil jobbe med kreditt, økonomisk kriminalitet, IT, finanscontrolling eller rågjeving:

Sjekk ut seks ledige stillingar

Vil du vere med å utvikle renovasjonsselskapet i Sogn?

SIMAS ser etter ein ny avdelingsleiar for miljøstasjonar. Her kan du få ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarane i regionen:

Les meir

Dei søker også controller/økonomikonsulent:

Les meir

kvinne og barn ved renovasjonsbil

Foto: SIMAS

Bremanger kommune søker to sakshandsamarar i barneverntenesta

Er du utdanna sosionom eller barnevernspedagog, og vil gjere ein skilnad for born i Bremanger? Kommunen har no ledig to faste stillingar som sakshandsamar i barneverntenesta:

Les meir

Bli koordinator i integreringstenesta i Høyanger

Høyanger kommune ser etter deg som ønskjer å bidra til at nye flyktningar i kommunen skal oppleve støtte, meistring og inkludering:

Les meir

Vil du bli konserndirektør for nett i Sygnir?

Sygnir søker ein relasjonssterk og kommunikativ konserndirektør til å vere med å vidareutvikle og effektivisere straumforsyninga i Sogn. Her kan du få ei viktig rolle med stort ansvar og påverkning:

Les meir

Helikopter i lufta ved master

Foto: Sygnir

Convene søker Customer Success Manager

Er du god på å skape den gode kundeopplevelsen? Hos Convene blir du del av eit ungt og inkluderande miljø med gode moglegheiter for personleg utvikling:

Les meir

Norconsult søker arealplanleggjarar til fleire stadar i Vestland

Norconsult i Sogn og Fjordane lovar spennande og varierte oppdrag i regionen, i tett samarbeid med andre avdelingar, kontor og fagområde i heile selskapet. No har dei jobb for deg som er arealplanleggjar – i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn:

Les meir

IT-interessert med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne?

Likar du å jobbe med menneske, og er nysgjerrig på korleis ein kan bruke teknologi for å effektivisere og automatisere oppgåver og prosessar? Då vil Lotteri- og stiftelsestilsynet meir enn gjerne høyre frå deg. Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten:

Les meir

Lottstift ledig stilling menneske i prat

Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet

Proresult søker teknologiglad økonomiansvarleg

Som økonomiansvarleg i Proresult vil du få ein variert og fagleg utfordrande jobb og ei nøkkelrolle i å påverke og vidareutvikle selskapet. Bli del av eit framtidsretta teknologimiljø i vekst:

Les meir

Sjå fleire ledige stillingar

Fleire saker