Registrer medlemskap

Ta del i fylkets største rekrutterings- og kommunikasjonsplattform, vis fram ledige stillingar og kom i kontakt med relevante jobbsøkarar. Over 200 bedrifter i Vestland er med i nettverket. Bli med du også!

Missing caption

Kvifor bli medlem?

Vi har ein av Norges mest spennande arbeidsregionar, og det må vi fortelje jobbkandidatane.

Som medlem bidrar du til å løfte fram #vestlandslivet og Vestland som ein sterk arbeidsregion. Du bidrar til å vise mangfald og breidde i arbeidsmarknaden i Distrikts-Vestland.

Framtidsfylket jobbar for at fleire skal få auga opp for arbeidslivet i Vestland. Derfor er vi her for deg – slik at du kan bli synleg for jobbsøkarane.

I ditt medlemskap får du:

  • Tilgang på jobbportalen
  • Eiga employer branding-side
  • Rådgjeving/sparring innan rekrutteringskommunikasjon og enkel tilbakemelding på stillingstekstar
  • Del i marknadsføringa av #vestlandslivet
  • Prioritet i vår marknadsføring av arbeidslivet i Vestland
  • Medlemspris på arrangement og kurs
  • Medlemspris på innhaldsproduksjon

Kva kostar det?

Prisen har vi differensiert ut i frå kor mange tilsette i verksemda:
0-5 tilsette: 3200,- pr år
6-10 tilsette: 5300,- pr år
11-20 tilsette: 7950,- pr år
>20 tilsette: 13.250,- pr år
Priser er eks.mva.

Klar for å registrere verksemda?

Registrer medlemskapet sjølv ved å fylle inn dette skjemaet:
https://www.framtidsfylket.no/registrer


Eller kontakt post@framtidsfylket.no.

Kva har vi gjort for våre medlem?

Missing caption

Kommuniser betre – få fleire søkarar

Profiler deg som ein attraktiv arbeidsgjevar. Vi er din rådgivar innan innhaldsmarknadsføring, profilering i sosiale medium og hjelp med stillingsutlysing.