Det er slett ikkje ei sjølvfølgje at 23 trainear no er på plass i ulike bedrifter i Vestland. Framtidsfylket er glade og stolte for at årets kull går som normalt.
Då Koronaen herja som verst og landet stengde ned, spøkte det for Framtidsfylkets traineeprogram. Over heile landet opplevde næringslivet usikkerheit, og det var ikkje lenger ei sjølvfølgje at Framtidsfylket skulle klare å tromme saman over tjue traineebedrifter.
– Tidlegare år har den store etterspurnaden etter trainee vore eit luksusproblem. Det har hendt at vi har vurdert å gje avslag til bedrifter, fordi vi ikkje har kapasitet til å følgje opp meir enn eit visst tal trainear. Men vi har fått det til kvart år og levert til saman 16 kull.
Det seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.
Vil du bli traineebedrift 2021/22? Her kan du lese meir om traineeprogrammet
I år opplevde Framtidsfylket det motsette.
– Tilsettinga av trainee skjer på våren. Våren 2020 var kanskje ikkje den beste tida å tenke rekruttering på, og bedriftene var naturlegvis litt usikre.
I løpet av sommaren og tidleg haust var det fleire og fleire bedrifter som bestemte seg for å tilsette.
– Dei tre siste tilsettingane skjedde så seint som i september, seier Hovland.
Framtidsfylket var lenge usikre på om det var mogleg å gjennomføre dei tradisjonelle traineesamlingane. Etter nøye vurderingar vart det bestemt at dei skulle gjennomførast, men litt annleis enn før.
– Samlingane er svært viktige for at traineane skal bli kjende med kvarandre. Mange av dei kjem frå andre kantar av landet, og er avhengige av å skape eit nytt nettverk for å trivast. Målet er å bygge vennskap og tillit og å skape personlege og faglege nettverk. Vi ønsker at traineane skal kjenne bu- og arbeidsmarknaden i fylket, slik at dei kan bli gode ambassadørar og bidra til tilflytting.
Med aukande smittetal, måtte Framtidsfylket tenke nytt.
– Vi gjorde nokre endringar for å følgje gjeldande smittevernsreglar. Alt i frå å praktisere einmetersregelen til å ikkje lage mat saman, slik som vi har hatt tradisjon for å gjere.
Trass usikkerheit i næringslivet, ei krevjande innseljing av programmet og restriksjonar, er det 17. traineekullet no godt i gang.
– Det er vi både glade og stolte over. Mot alle odds har eit optimistisk og framtidsretta næringsliv også i annleisåret 2020 slutta opp om traineeprogrammet. Dei ser at det er viktig for rekruttering til distrikta, og at dei får tak i gode kandidatar gjennom Framtidsfylket, seier Hovland stolt.
På grunn av tilsettingar i siste liten, samt smittetal i ein av traineane sin heimby, var dei ikkje fulltalege under årets første samling.
– Vi mangla to, men skal integrere dei så godt som råd på neste samling, avsluttar Hovland, som er glad for at traineeåret går som normalt. Nærmast.