Julianne i NRK

Julianne Flølo forlot fylket til fordel for jobb i NRK på Marienlyst. Det ville mange lese om.

Nyheiter

Dette er våre mest populære saker i 2023

Ein viss TV-serie skapte to comeback, og folk som flyttar til og frå Vestland er stadig populært lesestoff.

Vi gir deg våre mest lesne saker i 2023!

Før du gyv laus på årets liste, må vi presisere at det desidert mest besøkte innhaldet på nettsida er traineestillingane våre. I 2023 hadde lista med traineestillingar over 50.000 visingar!

ELEVATE: karrierefestivalen i Sunnfjord, skapte mykje merksemd, og dei ulike arrangementa genererte stor trafikk til nettsida vår. Besøkstala på «ledig stilling» viser at mange leitar etter jobb i Vestland, og innhald rundt karrieremessene våre er også godt besøkt.

Men her er altså historiene som genererte flest klikk:

1. Julianne gjer det igjen!

Ei jente med stort nettverk og ein god penn får nettsida til å gløde. Då ho bestemte seg for å forlate Vestland til fordel for Oslo, var mange nysgjerrige på det valet. "No reiser Julianne ifrå oss" er vår aller mest lesne sak.

2. Alle elskar Randi!

2023 er året heile Norge vart forelska i Randi, kjærasten til Kjartan Lauritzen. TV-serien «6899 til eg dør» handlar om brørne Kvikne som pussar opp hotellet i heimbygda Balestrand, men også Randi gjer ein solid innsats her. Det tippar vi er grunnen til at denne karrierepraten gjorde solid comeback:

Randi vil få kjekke ting til å skje.

Henrik Holm

Etterr mykje farting har Henrik Holmberg skapt seg eit godt liv i Vik og meiner fleire burde gjere det.

3. Forundra over at ikkje fleire vel bygda

Siviløkonom Henrik Holmberg (33) stortrivst med byjobb på bygda, og meiner fleire burde gjere som han:

– Du må fara ut for å koma heim var bodskapet i denne populære saka.

4. Kongen!

Denne saka trendar med jamne mellomrom på framtidsfylket.no. Kvar gong Kjartan Lauritzen er aktuell med noko, ein song, ein turne eller denne gongen ein TV-serie, får vi nyte godt av at folket googlar han. Derfor hamnar ein realtivt gammal artikkel på fjerde plass:

Kongen av Balestrand

tyske paret

Det tyske paret Lina og Daniel fekk oss til å drøyme oss vekk i 2023. Dei har skapt ein perfekt balanse mellom jobb og fritid.

5. Eventyr i Sunnfjord

Lina og Daniel fann det vi alle leitar etter: balanse. Det tyske paret ønska seg eit eventyr då dei flytta til Norge. Det eventyret kan du lese her:

Den berømte balansen.

Flokk og fjell

Mellom flokk og fjell var ei av våre mest populære saker i 2023.

6. Eit gründerliv

Korleis enda ein arkitekt frå Nederland opp som gründer på Sandane? Ein ferietur i ungdomen vart starten på selskapet Flokk og Fjell, som produserer lyddemping av saueull frå lokale bønder. Kul historie som mange ville lese:

Mellom flokk og fjell

7. Provokasjon førte fram

Vennegjengen som besøkte karrieremessa i Bergen ville provosere, og de let dykk provosere. Det er ein av grunnane til at dette er ei av våre mest populære saker i år:

Førde er ein plass du køyrer forbi

8. Satsa på Anine!

Hadde aldri vore i Odda før – takka ja til fast jobb halvvegs i traineeåret. Anine frå Kongsvinger hoppa på ei traineestilling i Vestland – og vart verande.

9. Ny i byen

Åselena Vårdal (32) trudde det skulle bli vanskeleg å få ei fast stilling som nyutdanna yrkesfaglærar. Det var før ho oppdaga Sunnfjord. Men skulle ho verkeleg flytte til ein ukjent by utan å kjenne nokon?

Åselena fann lærarjobben ho ville ha i Førde

Skogstad

Mange ville lese om Jenny Mari Tomasgard som måtte langt vekk for å sjå verdien av kva ho har heime.

10. Frå New York til Innvik

Berekraftsansvarleg i Skogstad, Jenny Mari Tomasgard, måtte heilt til New York for å sjå kva ho hadde heime. I dag jobbar ho fulltid med å ta vare på det.

– No ser eg verdien av det vi har

Vil du ha nye og aktuelle saker rett i innboksen i 2024?

Meld deg på nyheitsbrevet vårt

Fleire saker