Variert er stikkordet for dag tre på Elevate. Betre sjølvinnsikt, matredding og teknologi stod på programmet.
Karrierefestivalen i Sunnfjord sin tredje dag bydde på frukostmøte med Norec, lunsjmøte med Sunnfjord Miljøverk og TechPub.
Ingen tvil om at Norec sitt frukostmøte var ein icebreaker. Gjennom verktøyet Divercity Icebreaker skulle litt over tjue personar bli betre kjende med seg sjølve. Etter å ha fylt ut eit spørjeskjema, vart deltakarane delt inn i grupper etter resultat og kva farge dei var. Latteren sat laust blant dei ulike gruppene, og vi vart betre kjende med både oss sjølve og dei andre deltakarane på kurset etter innsiktsfulle oppgåver.
"Vi kommuniserer og samarbeider ulikt"
På lunsjmøtet til Sunnfjord Miljøverk fekk vi ei innføring i korleis dei jobbar, samt nokre tal på kor mange tonn med matavfall vi kastar – og korleis vi kan få ned dette talet.
Vidare gjekk influenser Linda Stuhaug på scena. Ho gav oss både fakta og gode råd om korleis redusere matsvinn, og avslutta med inspirasjon til korleis bruke restar og utgåtte matvarer.
Nydeleg lunsj vart servert med oppfordring om at alle måtte ete opp maten!
"Det er hushaldninga som har størst matsvinn"
Endeleg skulle techfolket i Sunnfjord få sin eigen møteplass. Karrierefestivalen i Sunnfjord inviterte til TechPub på Peak med faglege innlegg, mat, mingling og pub. Det var fullt hus og 50 pizza gjekk ned på høgkant. Dette var verkeleg Tech-bransjens kveld. Allereie tidleg på kveld fekk vi spørsmål om «kortid blir neste TechPub?»
Faglege innlegg frå Bouvet, Kunnskapsparken, Intin og HVL Robotics stod på programmet, og robotane frå HVL skulle vise seg å vere veldig populære, spesielt beerpong-roboten, der det vart kø.