Endre Erdal (28) studerer master i strategisk markedsføringsledelse ved BI i Oslo. No har han bytta ut bylivet med sommarjobb i Framtidsfylket.
I spalta «Min sommarjobb» får du møte unge menneske som skal bruke sommaren på læring, utvikling og spennande prosjekt i Vestland fylke.
Jobben går ut på å betre brukaropplevinga på framtidsfylket.no. Eg skal produsere tekst, bilete og video som framsnakkar fylket, samt gjennomføre workshops om digital marknadsføring. I tillegg skal eg drikke kaffi og stille mange gode og mindre gode spørsmål. Det blir kjekt å få jobbe i eit effektivt og triveleg team med fleksibilitet til å teste ut spennande løysingar.
Bakgrunnen min er ein miks av marknadsføring og digital tenesteutvikling. Å få jobbe med dei digitale tenestene til Framtidsfylket, som er ei av dei sterkaste merkevarene på Vestlandet, er ganske optimalt i mine auge.
Framtidsfylket er supergode på å forstå kva som er attraktivt i arbeidslivet og kommunisere det på ein smart måte. Håpar å lære mykje om dette.
Eg vil gjerne erfare at det å komme innom ein plass som Framtidsfylket for ein kort periode og bistå med utviklingsarbeid gir resultat. I tillegg ønskjer eg å erfare kva arbeidslivet i regionen gjer for å auke attraktiviteten for å byte eller bli verande i jobbane her.
Fordi eg trur at det Framtidsfylket driv med gir mykje verdi. Rekruttering er viktig for alle arbeidsplassar, og kanskje spesielt i distrikta. Sjølv hadde eg min første jobb etter bachelor via traineeprogrammet til Framtidsfylket, og eg hadde nok aldri blitt kjent med fantastiske Mediebruket (min første arbeidsgjevar), om det ikkje var for karrieremessa i Bergen.
Eg kjenner også mine sommarkollegaer frå før – og tenkte dei var hyggelige folk å tilbringe sommaren med! 🌸