Fylkeskommunen ser etter deg som har glød og evne til å utvikle dei marine næringane.
– Potensialet for nyskaping innan fiskeri og havbruk er stort i Vestland, seier Endre Høgalmen. Han er seksjonssjef for naturressursar, landbruk og reiseliv i avdeling for innovasjon og næringsutvikling. No lokkar han med ei spennande stilling.
– Som rådgjevar i fiskeri og marin næringsutvikling vil du ha eit breitt spenn i arbeidsoppgåvene, med både kontorarbeid og kontakt med næringa. Sidan dette er ei nyoppretta stilling, har du høve til å påverke korleis arbeidsdagen din skal sjå ut.
Di viktigaste oppgåve blir å legge til rette for utvikling innan fiskeri og havbruk.
– Vi ser etter ein dyktig fagperson som har glød og evne til å løfte fram Vestland som fiskerifylke. Vedkomande må vere drivande, sjå mogelegheiter og ha evne til å gjennomføre – ikkje minst i nært samarbeid med andre.
Han seier det er ein fordel med erfaring, men ikkje eit krav.
– Vi ser i utgangspunktet etter ein medarbeidar med litt erfaring. Samtidig har vi gode erfaringar med å bygge opp fagfolk, så nyutdanna kan også søke. Men den faglege ballasten i form av ei solid utdanning må vere på plass.
Å jobbe med berekraftige løysingar blir ein naturleg del av stillinga.
– Vi er i ferd med å forsterke innsatsen innan berekraftig havbruk, med mål om å styrke verdiskapinga utan å forringe natur og miljø. Den som får jobben vil ta del i dette viktige arbeidet, forklarar Høgalmen
TRIVELEGE KOLLEGAER: I seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv får du 20 engasjerte medarbeidarar. Foto: Siw Heidi Bäckström
Høgalmen lovar spennande og varierte arbeidsoppgåver.
– Du vil jobbe med alt i frå sakshandsaming og utgreiing til kontakt med næringa, Innovasjon Norge og statlege styresmakter. Her får du ein variert arbeidskvardag, og rom for å utvikle deg både fagleg og personleg.
Stillinga byr på både trivelege kollegaer og valfri arbeidsstad.
– Her er det mange gode kollegaer som utfyller kvarandre, og arbeidsmiljøet er prega av samarbeid og kunnskapsdeling.
Kollegaene har kontorstad på fleire ulike stadar, men jobbar godt saman.
– Vi er godt trena i samhandling på tvers av kontorstadar, og vi har difor opna for at denne stillinga kan ha kontorplass i Leikanger, Bergen eller Florø, avsluttar Høgalmen.
Vil du vere med og styrke Vestland fylkeskommune sin innsats innan fiskeri?