Ida Eim, studietur med traineear i Brussel

Nyheiter

Hoppar ifrå fjell – og i livet

Tekst: Stine Bortheim

Foto: Stine Bortheim/Privat

Av og til må ein berre ta nokon sjansar og leve litt. Det vere seg å fly ifrå fjell eller søke på jobbar ein ikkje er kvalifisert til. Ida gjer begge deler.

Midt i Brussel møter eg Ida Eim, ho er på studietur med alle traineeane denne veka. Programmet er tettpakka, men eg snik til meg ein prat likevel. Ida skulle nemleg eigentleg ikkje vore her, om ho hadde respektert stillingsannonsa ho ramla over for omlag eit år sidan.

Rastlaus, entusiastisk og kreativ

Ida beskriv seg sjølv som ei rastlaus og entusiastisk sjel. Då er det kanskje ikkje så rart at ho har jobba i reiselivet nesten heile livet.

– Det viktigaste for meg er å ha ein god balanse mellom jobb og fritid, det meste dreiar seg om å vere aktiv ute, og å få mest mogleg ut av tida eg har. Eg har i lengre periodar budd på både Turtagrø og Finse, der eg har kombinert sesongarbeid og reise, fortel Ida.

Året 2020 gav Ida ein gyllen sjanse til å studere igjen. Det var naturlegvis vanskeleg å jobbe i reiselivet, så om ho skulle tilbake på skulebenken var det no eller aldri. Valet fall på å ta ein bachelor i medieproduksjon i Volda.

– Eg har alltid vore glad i foto, og aldri tenkt på det som eit yrke for meg. Filmproduksjon var noko nytt for meg, og eg tenkte at det er meir framtida og eg ville sjå på moglegheitene der. Eg synest det er kjekt med eit kreativt yrke.

Tilfeldig scrolling førte til jobb

I dag er Ida trainee i Visit Fjordkysten og Sunnfjord. Det inneber å reise rundt i regionen og lage inspirerande innhald.

– Eg var ikkje på aktiv søken då eg fann jobben. Eg var midt i bachelor-skrivinga og scrolla på sosiale media då den dukka opp. Forklarar ho.

visit fjordkysten og sunnfjord
visit fjordkysten og sunnfjord

Den opprinnelege stillinga som låg ute var ikkje Ida kvalifisert til. Men då ho sjekka ut bedrifta bestemte hos seg for å ta sats og søkte likevel.

– Bedrifta var såpass relevant for meg at eg la inn ein søknad. Det som skjedde var at dagleg leiar tok kontakt. Ho ville ha meg på intervju! Det enda med at dei endra heile stillinga. Eg fekk vere med å skape den stillinga eg har no, det var utruleg kult og kjekt! Fortel Ida med eit stort smil og fortset:

– Det at det var eit destinasjonsselskap var det som freista. Eg har heile tida jobba innan reiseliv men dette var noko nytt. Eg likar å jobbe med småskala produksjonar og då er reiselivet bra for meg, og ein industri eg kan trivast i veldig lenge. To dagar er aldri like og det passar meg veldig bra.

Små stadar på Vestlandet er perfekt

Ida har vekse opp i Stavanger, likevel lengtar ho ikkje tilbake til storbyen.

– Eg ønskjer å bu på Vestlandet og gjerne mindre plassar. Til no har eg budd i Indre Sogn, Finse og Volda/Ørsta. Felles for alle er at det mykje fjell og natur.

– Volda var den mest siviliserte plassen eg budde på 6 år, her kunne eg gå til matbutikken!

– Eg forstår ikkje hypen med det bylivet, eg trenger opplevingar som naturen kan tilby og som er lett tilgjengelege etter endt arbeidsdag.

Som kva då?

– Topptur om vinteren og paragliding på sommaren!

Paragliding? Kva var det som lokka ved det?

– Det er berre enda ein ting som gjer fjellturar spennande, som Hike and fly, der returen er luftvegen. Eg kan fly store distansar i lufta og det er både utfordrande og gir meg meistringsfølelse. Men det er miljøet som gjer at eg blir verande og det som gjer det ein stor del av livet mitt. Eg finn vennar overalt med felles interesse.

– Det er ikkje adrenalinkick eg er ute etter men opplevinga. Det er ei heilt sinnsjuk naturoppleving å fly!

ida eim paragliding

Sjukaste plassen du har flydd?

– Eg var på fjelltur på Sunnmøre då eg oppdaga ein stad som såg egna ut til å fly frå. Forholda den dagen var så bra at eg klarte å ta av på ein plass ingen hadde tatt av før. Så flaug eg innover Molladalen og vinka til klatrarane i fjellveggen. Det var ei koseleg kjensle.

Kasta ut i arbeidslivet

Stillinga Ida fekk i Visit Fjordkysten og Sunnfjord er det ingen andre som har. Ho har derfor måtte venne seg til å vere ansvarleg for eigen arbeidsdag og arbeidstid.

– Eg blir godt kasta ut i arbeidslivet, og eg har fått mykje tillit. Eg føler meg ikkje som ein trainee, men eg har jo trygge rammer pluss at eg får nokon ekstra turar på traineesamling.

Trivst du i jobben?

– Destinasjonen eg lagar innhald for er ein eg ikkje har vore så kjend med tidlegare. Derfor er det interessant å lage innhald for den. Eg ser plassen med heilt ferske auge akkurat som målgruppa. Eksempelvis berre det at Solund sine haldeplassar har gjerde for at sauene ikkje skal komme inn, det har eg aldri sett før. I Florø har dei ein stad der du kan stumpe sigaretten i Florø eller Førde, det er jo berre ein liten ting, men det er sjukt morosamt.

Ler Ida og fortset:

– Eg er og positivt overraska over Jølsterområdet, det er ein plass eg berre har stoppa i før, og aldri tenkt at det har vore noko der. Men etter at eg har pratar med bedriftene og oppdaga kva som finnes så ser eg jo at det er eit sjukt fint område.

Mykje heimekontor

Kva opplever du er den største utfordringa med å vere ny i arbeidslivet?

– Eg trur eg er den traineeen som sit mest på heimekontor. Alle i bedrifta sit på heimekontor og eg reiser mykje på produksjonar, så eg saknar litt kaffiprat. Det er ikkje ein 8-4 arbeidsdag.Men heimekontor absolutt mange positive sider, og det trivest eg med.

– Når eg kommer på traineesamlingane får eg snakke med nokon som er i same situasjon som meg. Det er eit godt støttenettverk som eg har fått god kontakt med. Nokon har også vore statistar for meg under produksjon!

Traineesamling Framtidfylket

Faglig og sosialt på traineesamling

– På samlingane lærer ein og mykje om seg sjølv, alt få kommunikasjon til presentasjonsteknikk, som eg kan ta med vidarer i arbeidslivet.

Og kva er planen vidare?

Det eg veit sikkert er at eg vil jobbe med medieproduksjon og reiseliv. Det er eit område eg vil bidra på vidare og eg blir på Vestlandet.

– Ein ting 100% sikkert, eg skal ut å reise. Ut og loffe i bilen min <3