kurs i intervjuteknikk

Photoevent

Karrierefestival

Kurs i rekrutteringsprosessen frå A - Å med hovudfokus på intervjuteknikk

Jobbar du med rekruttering og ønsker meir struktur på prosessen? Då er dette kurset for deg.

Nordfjordakademiet og Framtidsfylket inviterer til ein dag der vi går gjennom sjølve rekrutteringsprosessen frå A til Å, med hovudfokus på jobbintervjuet.

Etter lunsj vil du få praktisk trening i å gjennomføre eit jobbintervju. Kurset passar for deg som jobbar med tilsetjingar dagleg, og for deg som berre rekrutterer av og til.

Kursinnhald:

  • Presentasjonav elementa i rekrutteringsprosessen
  • Kort om jobbanalyse, som er avgjerande for vellukkarekruttering

Førstegangsintervjuet- «Dengodesamtalen»:

  • Førebuing
  • Fallgruver du bør unngå
  • Etisk kommunikasjon
  • Kroppsspråk
  • Evaluering m.m.

Andregangsintervjuet

  • Strukturert eller delvis strukturert intervjuteknikk
  • Korleis komme meir i djupna på kandidaten sin personligheit
  • Kva har vi ikkje lov til å spørre om i intervjuet?
  • Bruk av testar i forkant av intervjuet
  • På kva måte følge opp kandidatar som ikkje går vidare m.m

Referanseintervjuet og bakgrunnssjekk
Sist men ikkje minst: Gode måtar å ta i mot nye tilsette.

Praktisk trening i intervjuteknikk

Vil du bli betre på å gjennomføre intervju? Då har du moglegheit til å få praktisk trening og tilbakemelding fra fagpersonar.

Gjennomgang i plenum av gjennomføringa av intervjuet

Vi deler i grupper på 3-4 personar

  • Ein intervjuar
  • Eit intervjuobjekt
  • Ein til to observatørar som evaluerar intervjuaren ut frå valde kriterium
  • Oppsummering i plenum

Kostnad
Pris for medlemer i Framtidsfylket/Nordfjordakademiet kr 3000,- / Ikkje medlem kr 3500,-
Vi serverar varm lunsj

Dato
14. september kl 10:00 - 15:30

Lokasjon
Nordfjord hotell

Meld deg på

Kurshaldar
Elin Hagene har lang fartstid innan rekrutteringsfaget. Dei siste 15 åra har ho arbeidd med rekruttering og tilsettingar mellom anna som fagsjef for rekruttering i Norges tredje største bemanningsbyrå. Ho underviser i rekrutteringsprosessen, bruk av testverkty og har spesialisert seg på kurs i strukturert intervjuteknikk. Elin er DNV-sertifisert rekrutterar og har sertifisering for Human Content og Aon sine verktøy. Ho har ogå ein bachelor i internasjonalisering og marknadsføringsleiing frå BI med organisasjonspsykologi som en del av fagkretsen.

Elin Hagene kurs

Elin Hagene har lang fartstid innan rekrutteringsfaget og vil gi deg praktisk trening i å gjennomføre eit jobbintervju.

Fleire saker