Lottstift

Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Nyheiter

Kven har ansvar for jobbmerkevara?

Distrikts-Vestland blir betre og betre på å vise seg fram på jobbmarknaden. Men kven har ansvaret for å kommunisere det som gjer oss til attraktive arbeidsgivarar?

Det enkle svaret er alle. For det startar med ein god internkultur der vi føler oss sett, inkludert og verdsett – og her har vi alle eit ansvar. Når vi trivst på jobb, aukar sjansen for at vi snakkar varmt om arbeidsplassen og bidrar til ei god jobbmerkevare, også kalla employer branding.

Sagt på ein enkel måte er employer branding aktivitetane eit selskap gjer for å utmerke seg som ein attraktiv arbeidsplass internt og eksternt.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Kjekt på jobb: Sparebanken Sogn og Fjordane er flinke til å vise engasjement for arbeidsplassen.

Når dei tilsette byr på

Fleire og fleire arbeidsgivarar i Distrikts-Vestland er gode på å vise fram kva som gjer dei til ein attraktiv arbeidsplass:

Sparebanken Sogn og Fjordane sine tilsette dukkar stadig opp i ein feed med innlegg om spennande prosjekt, tema som engasjerer dei i arbeidslivet eller at dei ønsker ein ny kollega varmt velkommen. Felles for desse innlegga er at dei tilsette viser engasjement for arbeidsplassen sin.

Rocketfarm er rå på å framsnakke nærområdet og deler spennande prosjekt frå arbeidsplassen, noko som gjer at fleire frå auga opp for å sjekke ut Sogn og Rocketfarm som arbeidsstad.


Convene
er eit anna døme på god employer branding. Når dei lyser ut ledig stilling, er dei tilsette kjapt på ballen med eigne «vitnesbyrd» om kvifor dei likar seg på jobb og gir deg gode grunnar til å søke. På LinkedIn deler dei små glimt frå jobbkvardagen, som kaffipause i sola med fjordutsikt.

Slike aktivitetar gjer kandidatar nysgjerrige på arbeidsgivaren og kan vere det som skal til for at dei sender ein søknad når selskapet har ledig stilling. «Der kunne eg tenke meg å jobbe!».

Convene viser glimt frå jobbkvardagen på LinkedIn.

Convene

Eit stort fortrinn i rekruttering

Å bygge merkevare for tenester og produkt er ikkje noko nytt, men at jobbkultur og trivsel på arbeidsplassen skal marknadsførast er framleis litt uvant. For kven har eigentleg ansvaret for å kommunisere at her er det godt å jobbe? Som vist i eksempla er det gull om også dei tilsette byr på i sosiale medium og framsnakkar arbeidsplassen sin til venner og kjente. At arbeidsplassen har eit godt rykte skapar store fortrinn i rekruttering, men du må også sette av tid til å jobbe strategisk med jobbmerkevara. Om du jobbar kontinuerleg med å utmerke seg som ein attraktiv arbeidsplass, er grunnlaget lagt den dagen du skal søke etter folk, og det vil vere enklare å få tak i folk.

Kommunikasjon og HR møtast

Dei som jobbar med marknad og kommunikasjon er gode på å formidle og publiserer innhald på nettsida, styrer sosiale medium og sender nyheitsbrev – naturlege kanalar for å bygge merkevara for arbeidsplassen. Samtidig er det nyttig å involvere HR i denne viktige jobben. Dei kjenner utviklingsmoglegheiter, lønnsnivå, sosiale gode og andre attraktive sider ved arbeidsplassen, og har oversikt over kompetansebehov i selskapet. Ikkje minst er det dei som er ute og pratar med kandidatar, deltar på jobbmesser og kjenner marknaden best. Dette gir nyttig innsikt om kven ein skal rette kommunikasjonen mot. Eit samarbeid mellom HR og kommunikasjon vil vere optimalt for å bygge ei god jobbmerkevare mot omverda.

KOllegaer samarbeid

Behalde og tiltrekke

Employer branding handlar om å ta vare på og behalde dei som allereie jobbar hos deg, men også tiltrekke seg nye tilsette. Om vi skal summere opp det viktigaste du gjer for ei solid jobbmerkevare, står vi att med tre punkt:

  • Start internt. Glade tilsette er dine beste ambassadørar!
  • Jobb kontinuerleg med å bygge jobbmerkevara. Rekruttering er ein langsiktig prosess.
  • Sørg for eit samarbeid mellom kommunikasjon og HR for å definere innhald og målgruppe.

Ønsker du råd om kva du kan gjere for å blir ein attraktiv arbeidsgivar? Ta kontakt med oss i Framtidsfylket, så ser vi kva vi kan gjere for deg.

Kontakt oss

Fleire saker