Etter knappe fire månadar som trainee, fekk Hanne Bull Hove (28) eit tilbod ho ikkje kunne seie nei til. Møt Tibber sin nye Sustainability Manager.
– Det var på ingen måte planen å hamne i Førde, smiler bergensjenta.
Ho har nettopp takka ja til fast jobb i småbyen. Leilegheita i Oslo er sagt opp, og byen ho trudde skulle bli hennar dei neste åra har ho vinka farvel til. Det heile starta med ei midlertidig stilling.
Hanne har vakse opp i Bergen, med studietida si i Nordfjord, Sogndal og Oslo. Etter å ha fullført masteren sin i Organisasjon, leiing og arbeidsliv ved UiO, var ho klar for å entre jobbmarknaden. Ein stad å bu, eit solid nettverk og jobbtilbod var på plass. Men så fekk ho tips om ein jobb i Førde.
– Eg var i Sogndal for å stå på ski, då ein venn tipsa meg om ei traineestilling i Framtidsfylket. Tibber søkte etter nokon som ville jobbe med berekraft og forretningsutvikling.
Det var nok til å pirre nysgjerrigheita til Hanne. Både innovasjon og berekraft er tema ho brenn for.
– Etter å ha gjort litt research, skjøna eg fort at dette var ei bedrift eg kunne passe inn i. Eg lot meg inspirere av selskapet sine visjonar og verdiar. Eit selskap i vekst med lidenskap for berekraft? Kult, tenkte eg.
Ein søknad vart levert, eit jobbintervju gjennomført. Traineestillinga var hennar, om ho ville ha den.
– Det førte til intens grubling, mange telefonsamtalar og lange diskusjonar med venner. Eg hadde endeleg funne meg til rette i Oslo, og det er eit stort steg å flytte når du har det fint. Jobbtilbod hadde eg også, men det var på langt nær så interessant som dette.
Ho konkluderte med at traineestillinga i Tibber trefte følelsane hennar. Det var ein jobb med meining og verdi som ho kunne sjå seg sjølv i. Hanne bestemte seg for å ta sjansen.
– Men Førde hadde eg ikkje noko forhold til, ler ho.
– Det einaste eg visste, var at området rundt var veldig attraktivt. Etter studietida mi i Sogn og eit år på folkehøgskule i Nordfjord, elskar eg dette området, og har allereie besøkt fleire av fjella i Sogn og Fjordane. Naturen betyr veldig mykje for meg, og å ha den så tett på er noko eg verkeleg nyt.
I dette tilfellet var det jobben som gjorde at ho pakka flyttelasset.
– Eg fann ikkje noko som kunne måle seg i Oslo.
Hanne opplevde at ho vart tatt godt i mot av gjengen i Tibber, og at ho matcha på både verdiar og menneske.
– Å vere ny i jobben er alltid overveldande, men det var godt å kjenne at eg passa inn og at arbeidsoppgåvene var givande. Det var denne jobben eg hadde drøymt om.
Som del av berekraftsteamet i Tibber jobbar ho med å utvikle dei i rett retning og bidra til at selskapet har ei sirkulær tilnærming til alt dei gjer. I traineerolla blir du raskt tildelt ansvar, og mange opplever stor progresjon i løpet av traineeåret. For Hanne skjedde utviklinga noko raskare enn normalt. Etter fire månadar som del av Framtidsfylkets traineeprogram, valde ho å trekke seg ut. Grunnen? Ho fekk tilbod om å vere Tibber sin nye Sustainability Manager.
– Wow?
– Ja, det er kanskje litt stort, seier Hanne audmjukt og får problem med å svare når vi spør kvifor ho trur ho har fått tilliten så raskt.
"Eg har masse å bidra med og er klar for å ta på meg meir ansvar"
Eit stort talent
Elisabet Kjerstad Bøe er kvinna som tidlegare hadde stillinga, og no har gått over i rolla som norgessjef i Tibber. Ho svarar gjerne på spørsmålet om kvifor Hanne gjekk frå trainee til sjef.
– Eg skjøna tidleg at ho var ein god kandidat til å ta over etter meg då eg vart spurt om å ta ei anna rolle. Hanne har eit stort talent for berekraft, samtidig som ho har tankesettet til ein entreprenør og innsikt i teknologiutvikling, kan Elisabet fortelje.
Tillit og initiativ var avgjerande for at Tibber valde å gi ho så mykje ansvar etter berre nokre månadar.
– Ho viste vilje til å utfordre seg sjølv frå dag éin, og vi fekk raskt tillit til kvarandre. Dessutan er ho ein super kollega som passar godt inn i miljøet i Tibber.
Fram til no har Hanne hatt ein fot på heimekontor i Oslo og ein på kontoret til Tibber, men den nye stillinga gjer at ho vil vere meir i Førde.
– Leilegheita i Oslo er sagt opp, og eg er innstilt på å bruke tida mi godt. Når eg først får denne tilliten, får eg veldig lyst til å vise at eg er verdig jobben, seier Hanne.
Første reaksjonen på jobbtilbodet var skrekkblanda fryd, men med Elisabet som ein god kollega og rådgivar i ryggen, ser ho på jobben som ei spennande utfordring.
– Først tenkte eg at eg ikkje var klar for ansvaret. Samtidig er eg skrudd saman slik at eg likar ei utfordring. Eg kjenner at eg har masse å bidra med og at eg er klar for å ta på meg meir ansvar. Det at Elisabet er med oss vidare på teamet har mykje å seie. Med ho som mentor blir eg coacha inn i større og større oppgåver.
Framover ønsker å ho å jobbe hardt for å forbetre berekraftsarbeidet i selskapet.
– Det er tydeleg at Tibber har trua på meg. For meg betyr det mykje for innsatsen min.