Lise Hølland Poden & Boden

Nyheiter

– Eg har sagt at eg ikkje kjem heim

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Kristine Slettehaug /privat

Kva får ein nyutdanna lærar frå Sandnes til å takke ja til fast jobb i butikk i Sogndal?

– Altså. Det er no i livet eg har sjansen til å kaste meg ut i ting.

Lise Hølland (24) smiler mykje og er tydeleg takknemleg for sin nye jobb. I vår fekk ho tilbod om å vere butikksjef for Poden & Boden i Sogndal. For deg som ikkje kjenner konseptet, er dette ein gjenbruksbutikk der du sjølv kan selje kleda dine mot at Poden & Boden får 25% av salet. Butikken er kjend for å gjere second hand kult, og har avdeling i Førde og no Sogndal.

Wowfaktor

Lise vaks opp i det ho kallar ein fjell- og turfamilie. På fritida likar ho å trene, gå på fjellet, sykle og stå på snøbrett. Då valet om studiestad stod for tur i 2020, freista verken Bergen eller Oslo. Interessa for friluftsliv gjorde at ho utvida søket til mindre stadar, og då ho oppdaga Sogndal var reaksjonen enkelt og greitt: wow!

– Eg hadde aldri vore her før, men etter eit besøk før studiestart var eg heilt sikker. Jepp, eg må til Sogndal, tenkte eg og signerte leigekontrakt.

Snowboard i Sogndal

Om vinteren er Lise glad i å oppsøke fjella for å stå på snøbrett.

Stisykling i Sogndal

Stisykling er ein hobby Lise kan utøve i skogane i Sogndal.

Ny hobby

Då Lise flytta heimanfrå, fekk ho ei symaskin i bursdagsgåve frå mora. Samtidig som ho studerer til å bli lærar og lever studentlivet i Sogndal, utviklar ho seg på symaskina og får sansen for gjenbruk og redesign.

– Det vart etter kvart ein stor hobby for meg, både å sy og jakte gjenbruksartiklar. Å trekke seg tilbake og skape noko i fred og ro er godt for hovudet, forklarar Lise, som elles er ei sosial jente.

"Å trekke seg tilbake og skape noko i fred og ro er godt for hovudet"

Redesign dongerijakke

Jobbtilbodet

Spol fram til våren 2025. Lise er straks ferdig utdanna lærar, har fått eit stort nettverk rundt seg og trivst så godt at ho vurderer å bli i bygda.

– Ja, kva er det med Sogndal? Ved første augekast er det jo naturen og alt den har å by på, samt den enkle kvardagslogistikken. Men så er det også folka. Det er så mange her med same interesser som meg, eg har på ein måte funne mitt folk, ler ho.

Då Poden & Boden annonserte at dei såg etter ein butikksjef i Sogndal, vekte det straks interesse hos Lise.

– Nokre månadar før hadde eg besøkt butikken i Førde og digga det eg såg! Butikken skulle starte til sommaren, eg var ferdig på studiet til sommaren... Eg måtte jo berre sende ein søknad!

Poden & Boden
Podn & Boden Sogndal

Gir Sogndal sjansen til gjenbruk

Eit jobbintervju og nokre møter seinare får Lise tilbodet om å drive butikken. Den gode kjemien med gründerane bak konseptet gjorde det lett å seie ja.

– Hovudgrunnen til at eg takka ja er interessa mi for klede og gjenbruk. Samtidig freista det å vere med og starte opp eit nytt tilbod. Eg vil at folk skal ha sjansen til å handle brukt i Sogndal.

Men kva med lærarutdanninga?

– Litt av grunnen til at eg torer, er at eg har noko trygt å falle tilbake på. Eg ser for meg at eg ein dag kan eg bli lærer, men det er no i livet eg kan kaste meg ut i ting. Oh, noko nytt. Lat meg prøva, smiler ho og gnir seg i hendene.

Arveleg avlasta

For Lise er ikkje ansvaret som følger med stillinga særleg skummelt. Dette er ho vand til.

– Begge foreldra mine har starta opp og drive for seg sjølv. Eg har vakse opp med at dei jobbar mykje – og at det går bra. Dei støtta meg i valet om å ta stillinga og har gitt gode råd på vegen, smiler ho.

– Kva synest dei om at du blir i Sogndal?

– Eg har sagt til mamma og pappa at eg ikkje kjem heim, ler ho.

Oppstarten har gått så bra som Lise hadde håpa på.

– Det er mykje nytt å sette seg inn i, og sjølvsagt dukkar det opp utfordringar, men eg kjenner tryggheit i at vi er fleire på laget. Eg får mykje støtte frå kollegaene mine i Poden & Boden.

Poden & Boden Sogndal

Gjenbruksbutikken i Sogndal er fylt med brukte klede som skal få nytt liv. Å halde orden i stativa er ein stor del av jobben til dei tilsette.

Pangstart

Sogndal har tatt dei vel imot:

– Opningsdagen og tida etter har gått over all forventing! Sogningane har nytta seg av tilbodet om å både selje og handle brukte klede, og dei skryt av kor fin butikken er. Eg likar spesielt godt at vi får inn klede frå alle aldrar og stilar, og at kundane representerer det same. Det er her du kan finne det unike – det ingen andre har, seier gjenbruksentusiasten.

– Og framover. Kva er planen?

– Med butikken eller meg?

– Begge.

– Eg har den innstillinga at eg hoppar på det som kjennest rett. Akkurat no kjenner eg at eg er på rett stad. I starten er målet å få butikken opp og gå, men eg vil gjerne vidareutvikle tilbodet vårt.

"Kjøper eg noko, sel eg noko"

Gjenbruksbutikk Sogndal

Sirkulært klesskap

Ho ser for seg både sykurs og tilbod om redesign og tilpassing.

– Sjå for deg at du finn ein nydeleg, brodert duk i butikken, og ønsker å gjere den om til ein kjole eller bluse. Det er der vi kan bidra.

– Blir du freista til å handle sjølv når du går blant skattar kvar dag?

– Ja! Men eg har ein regel om at det må henge nokre dagar før eg nappar det til meg.

– Men kjøper eg noko, sel eg noko. Sirkulært klesskap, kallar eg det.

På spørsmålet om Sogndal, drar ho litt på det.

– Om eg blir? Nei, det er heilt umogleg å svare på for ein person som meg, avsluttar sandnesjenta.

Fleire saker