Nytt samarbeid med Visere sikrar moderne rekrutteringsverktøy og løysingar som kan gjere søknadsprosessen til traineestillingane både enklare og meir treffsikker.
I samband med traineerekrutteringa for 2025/2026 har vi gleda av å introdusere eit nytt samarbeid med Visere. Dei jobbar med rekruttering til leiar- og spesialiststillingar på Vestlandet, frå sine kontor i Førde, Bergen og Stavanger – og med eit "distriktskontor" i Oslo. Visjonen deira er å vere det beste rekrutteringsmiljøet på Vestlandet.
Gjennom dette samarbeidet får traineebedriftene tilgang til gode verktøy og løysingar som kan gjere prosessen både enklare og meir treffsikker:
Målet med partnerskapet er å styrke rekrutteringsprosessen for traineestillingar og bidra til at fleire talent skal oppdage det gode vestlandsliv – og vel arbeid på Vestlandet.
Ein positiv kandidatopplevelse har stor innverknad på verksemda sitt omdømme som arbeidsgjevar. Kandidatar som har ei god oppleving gjennom rekrutteringsprosessen er meir tilbøyelege til å sjå på selskapet som ein attraktiv arbeidsgjevar, sjølv om dei ikkje får jobben. Dette styrkar verksemda sitt employer brand og gjer det lettare å tiltrekke seg talent i framtida.
Om dykk ønskjer å høyre meir om Visere eller treng ein sparringspartner til anna rekrutteringsarbeid, er Visere tilgjengeleg for ein uforpliktande prat.
Kontaktpersonar mellom Visere og Framtidsfylket er Daniel Dvergsdal og Bjørn Alsterberg, men øvrige rådgjevarar er sjølvsagt tilgjengelege. Les meir om teamet her.
Vi gler oss til eit godt samarbeid i 2025/2026!