Hanne økonomisjef Sogndal

Nyheiter

- Vi må sjølve lage det miljøet vi vil bu og arbeida i

Tekst: Lisbeth Bringebøen

Foto: Privat

Hanne Teigen (35) er Sogndal sin nye økonomisjef. Bli betre kjend med den tidlegare traineen.

Vi tek ein prat med tidlegare traineear. Kva hugsar dei frå traineetida, kva hadde den å seie for vidare karriere, og kva gjer dei no? Først ute er Hanne Teigen (35). Ho starta karrieren i Luster Sparebank i 2009/2010, og har nettopp fått beskjed om at ho er Sogndal sin nye økonomisjef. Korleis hugsar ho tida som trainee?

– Det var ei fin tid. Eg vart kjend med andre nyutdanna som óg var i starten av arbeidslivet, vi var på samlingar kringom i fylket og vart kjende med fleire spennande verksemder, men først og fremst var det eit særs godt opplegg hjå arbeidsgjevaren min, fortel Hanne Teigen. –. Det var ein god start på arbeidslivet å få vere del av Framtidsfylket sitt traineeprogram, smiler ho.

I 2008 kom Hanne rett frå skulebenken med ei fersk bachelorgrad i administrasjons- og organisasjonsvitenskap frå Universitetet i Bergen, og ho vart verkeleg teken godt imot og satsa på i Luster. Både hos arbeidsgjevar og i lokalsamfunnet. Og det blir ho framleis.

Men først, lat oss skru tida attende

Hanne er oppvaksen i Luster kommune, men som mange andre måtte ho flytte på hybel for å gå på vidaregåande skule. Reisa gikk til Toppidrettsgymnaset på Lillehammer, med satsing innan handball. Etter tre år på Lillehammer og eit år som student i Bergen var reiselysta stor – og ei danningsreise gjennom Sør-Amerika, Asia og Australia venta, før vidare studiar.

– Fullmånefestar, dykkarlappen, nye menneske og kulturar. Å reise jorda rundt var ein draum, og opplevingane sto i kø. Eg og dei to reiseveninnene mine storkosa oss, me vart utfordra, fekk nye erfaringar og meir kunnskap, og ei betre forståing for andre kulturar og tradisjonar.

Vel heime stod nye eventyr og utfordringar i kø

– Eg var ung og nyutdanna då eg kom til Luster Sparebank. I løpet av traineetida fekk eg prøve meg innanfor alle avdelingane: Personalmarknaden, bedriftsmarknaden, og i interne driftoppgåver som rekneskap og løn.

Det var i personalmarknaden ho treivst best, og no har ho fagansvar for betalingstenestene, er Autorisert Finansiell Rådgjevar med kundeansvar for om lag 1000 av banken sine 8000 privatkundar, Hanne er i tillegg banken sin ansvarlege for Vipps, ei betalingsteneste som Luster Sparebank er medeigar i.

– Det dukkar stadig opp nye tenester og aktørar i betalingsmarknaden. Infrastrukturen bak betalingssystema må tilpassast endringane i ny teknologi, endra brukaråtferd, internasjonalisering og nye reguleringar. Dette tykkjer eg er kjempespennande å få vere med å ta i bruk, seier ho.

Luster turlag

Hanne er engasjert i lokalsamfunnet, og blant anna leiar for Barnas Turlag og styremedlem i Luster Turlag.

Aktiv i lokalsamfunnet

Hanne har vore folkevald representant i kommunestyret for Arbeiderpartiet i ein periode, og vara i ein periode. No når borna er små er ho involvert i turlaget, idrettslaget og barneidretten.

– Eg er handballtrenar for laget til eldste sonen min på 6 år, leiar for Barnas Turlag og styremedlem i Luster Turlag, i tillegg til å sitje i styret for barneidretten, fortel ho.

Hittil i år har førsteklassingen til Hanne fått tilbod om å vere med på 10-tals ulike aktivitetar. Det manglar ikkje på aktivitetstilbod i kommunesenteret med 1587 innbyggjarar. Handball, fotball, dans, kor, korps, friidrett, barneidrett, barnas turlag, ski, 4H.

Vi må sjølve vere med å lage det samfunnet og miljøet vi vil borna våre skal vekse opp i, smiler Hanne.

Blir ny økonomisjef i Sogndal kommune i april

– Det er eit stort sprang, men eg må berre ta det som ein læringsprosess, og gyva laus på arbeidet. Det blir nok ein ganske annleis arbeidskvardag enn det eg har i dag, vedgår ho. Det var ei positiv overrasking å bli tilbydd jobben. Eg gler meg, seier Hanne, som startar i jobben 1. april.

"Jobben er eit stort sprang, men eg tar det som ein læringsprosess"

Hanne økonomisjef Sogndal kommune
Finn spennande jobbar i Vestland