Traineekull 2024

Arbeidsliv

Kva påverkar unge nyutdanna når dei skal velje sin første jobb?

Tekst: Kine Vikse

Foto: Stine Bortheim/Photoevent

Dette og meir til har NCE Seafood undersøkt og utarbeida ein rapport om. Sjølv om det først og fremst retta mot havnæringa, er mykje av innsikta overførbart til resten av arbeidsgivarane i Vestland.

Lena Bekken, som har utarbeida rapporten, trekker spesielt fram at talenta er mest opptatt av å skape ein 1:1 relasjon når dei skal få informasjon om framtidige arbeidsgjevarar.

Sjølve rapporten undersøker kva nesten 900 studentar føretrekk når det gjeld karriereval, og deira syn på havbruksnæringa som arbeidsgjevar. Den viser kor viktig det er å tidleg engasjere studentar gjennom praksisplassar og karrieredagar for å skape eit positivt bilete av bransjen. Vidare kjem det fram at næringa ikkje har klart å kommunisere sine styrkar godt nok, særleg når det gjeld arbeidsmiljø og karriereutvikling. Dette har ført til eit gap mellom studentane sine forventningar og kor attraktiv næringa verkar. Rapporten understrekar at auka kunnskap om bransjen heng saman med eit meir positivt syn.

Rekruttering til stillingar i distriktet er eit anna tema som blir utforska, då mange selskap slit med å tiltrekke og halde på dyktige arbeidstakarar. Interessa for slike stillingar aukar når selskapa legg til rette for sosiale møteplassar og jobbmoglegheiter for partnarar. Målretta arbeidsgjevarprofilering og fleksible arbeidsmodellar kan bidra til å minske rekrutteringsgapet og tiltrekke fleire talent.

Her finn du rapporten Industy Insights: Talent attraction , eller les videre for å sjå kva vi i Framtidsfylket tar med oss frå rapporten.

Nystekte svele sikre alltid høyt antal besøkande

Nystekte svele sikre alltid høyt antal besøkande

Vidare arbeid for Framtidsfylket og arbeidsgjevarar i Distrikt-Vestland:

  • Studentane dannar seg eit bilete av potensielle arbeidsgjevarar tidleg i studieløpet. Difor må vi vere på plass frå første semester, med ein tydeleg tilstadeværelse på karrieredagar og liknande arenaer. Her er det ikkje berre snakk om å delta, men å vere synlege, engasjerande og gi studentane eit glimt av kvardagen vår.
  • Traineeprogrammet vil framleis vere vårt viktigaste tiltak for å få fleire til å starte karriera si i Vestland. På bakgrunna av rapporten vil vi tørre å påstå at arbeidsgivarar som brukar traineeprogrammet år etter år, vil oppnå størst effekt innan attraktivitet.
  • Sommarjobbar i Vestland bør få ein større plass. Når ein student har hatt sommarjobb i regionen, stig sjansen betrakteleg for at dei søker seg tilbake etter studia. Her kan Framtidsfylket spele ei sentral rolle ved å gjere sommarjobbar meir synlege og attraktive, og skape større blest rundt dei.
  • Vi har eit ubrukt potensial til å løfte fram enda fleire spennande arbeidsgjevarar. Med fleire artiklar som viser fram moglegheitene i Distrikt-Vestland, kan vi auke kjennskapen til arbeidslivet her – og gjere regionen endå meir attraktiv.
  • Studentoppgåver er ein viktig nøkkel for å bygge bru mellom studentar og arbeidslivet i Vestland. Korleis kan vi i Framtidsfylket legge til rette for fleire samarbeid mellom studentar og bedrifter i regionen? Dette er ein gyllen moglegheit til å knyte banda tidlegare og auke kunnskapen om dei spennande jobbane som finst her.
  • Men vi må også hugse på å fortelje historia om folka. Om dei som har valt å leve og jobbe her i Vestland, og korleis kvardagen deira er. Livet her er meir enn berre jobb, det er naturopplevingar, samhald, og rom for å leve godt – og det vil folk høyre om!

Rapporten er på engelsk, og du finn den her: Industry Insight: Talentattraction.

Har du gode idear eller innspel til korleis vi kan gjere Vestland til førstevalet for karrestart? Kontakt post@framtidsfylket.no.

Oppsummeringa er henta frå rapporten, og oversatt av Framtidsfylket med godkjenning frå NCE Seafood Innovation.