Med mål om å vere ein del av den grøne omstillinga, søkte Regine seg til energibransjen. I rakettfart har ho gått frå trainee til leiar.
Kven: Regine Johansen (26)
Utdanning: Bachelor i geofysikk, master i Energi.
Jobb: Avdelingsleiar Bærekraftspartner, Sogn og Fjordane Energi.
– Om eg har ein plan? Nei, eg synest det fungerer bra å flyte med og ta dei sjansane som kjem. Spør heller om kva eg vil oppnå, smiler Regine.
Ho har fått mange moglegheiter i løpet av sin korte kometkarriere. I ein alder av 26 år er ho leiar for Sogn og Fjordane Energi sine prosjekt og satsingar innan elektrifisering og berekraft. I eit konsern som er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet, er det altså ho som leiar det viktige berekraftsarbeidet.
No er det ikkje slik at tilboda kjem flytande og at ho tilfeldigvis grip om dei. Regine viste stort engasjement allereie som student, og då ho entra arbeidslivet som trainee i energikonsernet med hovudkontor på Sandane, var det med eit klart mål om å ta del i den grøne omstillinga.
– Fornybar energi fenga meg tidleg i studietida. Traineestillinga såg eg på som ein sjanse til å få ein fot innan ein spennande bransje, og etter kvart få lov til å vere med og påverke.
Det er tydeleg at ho ikkje berre vil bidra til ei dagsaktuell problemstilling, men at det også ligg ekte engasjement bak. Regine snakkar ivrig om FNs berekraftsmål, og sjølv om det verkar fjernt at jobben ein 26-åring gjer på eit kontor frå ei bygd i Vestland, er det som skal til å stoppe klimaendringane innan 2030, er det nettopp slike bidrag som gir håp.
– Det opplevast verdifullt å bidra. Når vi når våre lokale mål innan berekraft, bidrar vi til å nå nasjonale mål. I eit større bilde bidrar vi i verda, og for meg er det viktig, stort og meiningsfullt å vere med på.
Akkurat no har vi 50 ledige traineestillingar i Vestland.
Iveren etter å ta energikonsernet i ei grønare retning, gjorde at ho fort vart tildelt ansvar. Etter eit år som trainee fekk ho både leie eit innovasjonsprosjekt og delta aktivt i fleire av SFE sine prosjekt og satsingar innan elektrifisering. Siste halvåret har ho leia den nyoppstarta avdelinga Bærekraftspartner.
– Eg er takknemleg for at SFE har gitt meg tilliten og at dei har trua på meg, seier ho audmjukt.
Ho synest det er vanskeleg å svare på kvifor ho har fått stort ansvar så raskt, men trur det kan ha samanheng med måten ho løyser arbeidsoppgåvene på.
– Uavhengig av kva oppgåve eg blir tildelt, ønsker eg å utføre den på best måte og bidra til at ting blir betre. Eg likar å ha ansvar og er oppriktig interessert i det eg held på med. I tillegg har eg danna meg eit nettverk i bedrifta som eg har stor nytte av når det kjem til støtte og å tileigne meg kompetanse. Eg trur kanskje det er summen av det, seier ho tankefullt.
Ho understrekar at interessante arbeidsoppgåver ikkje er nok for at ho skal trivast. Gode kollegaer og støttande leiarar har vore viktig.
– Ein av dei store fordelane med å jobbe i ei lita eller mellomstor bedrift i distriktet, er at du får vere med i ulike prosjekt og delta på ting som går utover ditt kompetansefelt. Det skapar variasjon i arbeidsdagen, men også at du blir betre kjent med heile organisasjonen og dei som jobbar der. Altså, eg trur eg kjenner nesten alle i SFE no, ler ho, og legg til:
– Og det skjedde ganske fort. Støttande og kjekke kollegaer betyr mykje. For meg blir det meir enn ein jobb når vi jobbar så tett.
Når ho ser tilbake på sine to første år i arbeidslivet, er det ikkje tvil om at ho allereie bidrar til det grøne skiftet i regionen.
– Eg er involvert i mange spennande samarbeidsprosjekt med lokale bedrifter. Ein stor del av arbeidet mitt går ut på å auke bruken av fornybar energi og bidra til grøne løysingar i vårt område. Det er fint å sette spor lokalt, men også at det betyr noko i ein større samanheng i kampen mot klimakrisa.
"I eit større bilde bidrar eg i verda. For meg er det stort. "
Og lista over prosjekt ho er involvert i er lang. Mellom anna er ho dagleg leiar for Skipskraft, eit felleseid selskap med Florø Hamn, som bidrar til grøn omstilling av skipsfarten gjennom tilbod om landstraum. Ho har også bidrege i etableringa av verdas første lynladar for elbåt i samarbeid med Eviny og andre aktørar, ho er involvert i SFE, INC og Gasnor sitt hydrogenprosjekt HyFuel i Florø og sjølvsagt sit ho i SFE sitt eige klimapanel.
Så lang er lista, at vi lurer på kor mykje ein 26-åring kan få plass til i jobbkalenderen?
– He-he. Det er først og fremst utruleg kjekt å få vere med på alt dette. Når du ser at arbeidet ditt betyr noko meir enn å skape inntekter, og at du faktisk kan gjere ein forskjell, så er det grunn nok til å halde det gåande. Eg er heldig som har fått dette ansvaret så tidleg.
Kva må til for at du blir engasjert i arbeidsoppgåvene dine: Det må vere meiningsfullt, ha verdi for fleire enn meg sjølv og må sjå igjen arbeidet eg utfører rundt meg.
Ditt beste tips for å få meir ansvar på jobb: Vis at du beherskar oppgåvene du får tildelt, men også etterspør meir ansvar. Ver frampå og vis at du er engasjert i det du jobbar med. Når leiaren ser at du lukkast, så kjem meir ansvar ofte naturleg.
Kva har betydd mest for deg så langt i karrieren: Eg har fått vere med på mange prosjekt, men tiltru som dagleg leiar i Skipskraft og det ansvaret som medfører der, har vore både givande og spennande.