Reiel Haugland SSF teknologi

Nyheiter

Reiel elskar å utfordre

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Solveig Bjørhovde Rindal

Teknologidirektøren trivst best i oppoverbakke. Heldigvis finn han stadig nye utfordringar i banken.

Reiel Haugland er teknologidirektøren som nektar å godta når folk seier at «slik er det berre». Hans usløkkelege tørst etter innsikt, kunnskap og forståing har ført han dit han er i dag, som teknologi- og prosjektdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane – snart Sparebank1 Sogn og Fjordane – og leiar av ei avdeling med over 30 tilsette. Men at han framleis sit der i dag har ikkje vore noko sjølvfølge.

– Eg jagar alltid etter noko nytt og spennande. Eg trivst best når eg opplev at ting er i bevegelse. Viss det byrjar å stagnere og vi byrjar å gå opp igjen gamle stiar, då blir eg litt trøtt, fortel han med eit litt oppgitt smil om munnen.

Men har han ein bratt oppoverbakke framfor seg, og ein stad langt der oppe er det noko givande, då er Reiel i sitt ess.

– Eg finn motivasjon i alt som er uklart, nytt, tungt og der vi må gå ein lang veg for å nå målet. Har eg då klart å samle eit godt lag og har nok verktøy i verktøykassa til at vi kjem fram, då er det kjekt.

Sparebanken Sogn og Fjordane er sponsor for Karrierefestivalen i Sunnfjord.

Ramla tilfeldig inn i banken

For 8 år sidan tok Sparebanken Sogn og Fjordane nokre viktige val for framtida, mellom anna ved å seie at dei ønska å i større grad ta kontroll over dei sentrale kundeflatene sine. På den tid var dei fleste kundeflater framleis fysiske, med skranken som viktigaste kontaktpunkt.

Mykje har skjedd sidan den tid, og mykje av det er på grunn av denne sjølvsikre og velkledde karen. Men vi må byrje på starten. Vi har nemleg fått høyre at Reiel har ei ganske unik karrierereise, som starta med mediestudier i Volda. Korleis enda det med teknologijobb i ein bank?

– Eg ramla eigentleg ganske tilfeldig inn i banken då eg var ferdig med studiene. Eg ville jobbe med kommunikasjon og tenkte, kor kan eg gjere det i Førde? Då ringde eg til banken. Dei skjønte ikkje heilt kva det var eg ville, men eg fekk kome inn og ta ein kaffi, og litt tilfeldig var det akkurat då ei opning for å kome inn og gjere ein liten jobb, fortel han.

På den tida var det som i dag er Framtidsfylket sitt traineeprogram heilt nytt. HR-direktøren i banken hadde bestemt at dei skulle ha ein trainee.

– Eg var eigentleg på veg ut dørene igjen då HR-direktøren tok tak i meg og sa:

«Du, vil du vere trainee?»

– Det ville eg. Og då fekk eg verkeleg vise kven eg var.

Reiel Haugland SSF

Ingen typisk bankmann

Når Reiel skal beskrive seg sjølv brukar han ord som nerdete, gaming-type i oppveksten, nysgjerrig, teknisk, sjølvsikker, ikkje redd for å skilje seg ut. Som trainee fekk han raskt moglegheita til å vise seg fram, først innan kommunikasjon og deretter ved å ha ansvar for gåveutdelingane, det som i dag ligg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Eg visste lite om bankbransjen, og tenkte på den tida at ikkje det var noko for meg - men gjennom å jobbe med dei allmennyttige midlane fekk eg sparebankmodellen og samfunnsoppdraget under huda, og det fekk eg sansen for. Samfunnskomponenten i det å vere sparebank harmonerte veldig med meg og gjorde at eg fekk lyst til å fortsette.

Så kom teknologibølga, og Reiel fann fort ut at den ville han vere med på.

– På den tida var vi 3-4 stykker som skulle finne ut kva det betydde og kva påverknad det hadde på banken. Vi byrja heilt ærleg litt i blinde, hugsar Reiel.

Dei la planar, bygde og bygde, gjorde ting både rett og feil og fekk lov til mykje.

– Eg hugsar at han som var banksjef på den tida sa til oss: «Eg veit ikkje kva de driv med, men eg stolar på at de kan det de gjer og at de er flotte folk».

Tenker du av og til at du har vore rett person på rett plass til rett tid?

– Ja. Eg har ikkje tenkt slik på det før, men ja. Flinke folk har mykje flaks, svarar han.

Champions League-klasse

Sidan har Reiel studert programmering og teke ein MBA i teknologi og innovasjon på handelshøgskulen. Han likar å seie at han var tilsett nummer éin i den avdelinga han no leiar, sjølv om han innrømmer at det ikkje stemmer heilt – dei har ein tilsett i avdelinga som har vore i banken i imponerande 42 år. Sjølv har Reiel no runda 16 år i banken, og kan sjå tilbake på mange oppturar.

Resultatet er mellom anna mange av dei tenestene du som kunde i banken brukar i dag, slik som kundedialogflatene, nett- og mobilbank og alt det under panseret som kundane ikkje ser, men som er avgjerande for at tenestene fungerer som dei skal. Men det han er aller mest stolt av, er laget.

– Det at vi har klart å bygge ei avdeling og ein gjeng som kan levere det dei leverer, og at vi her i Førde har klart å utvikle tenester i Champions League-klassen, det er eg stolt av, seier han.

Ufrivillig psykologitime

Kva trur du er grunnen til at du har klatra stigen i arbeidslivet dit du er no?

– Eg trur det har mykje med sjølvtillit og initiativ å gjere. Det å tørre å rette opp handa og seie «eg er faktisk ikkje einig». Så må ein sjølvsagt følge opp med noko. Eg har ikkje vore redd for å utfordre dei som sat i leiinga. For meg handlar det om å gjere ting med kvalitet, og ikkje danse etter nokon andre si pipe, seier Reiel.

Har du alltid hatt sjølvtillit? Skytast det inn frå sida av Lillian frå HR som er med på møtet.

– Er dette ein psykologtime? Kjem det kontant tilbake, før han sit seg tilbake og tenker seg om.

– Nei, men eg har lært undervegs og skjønt at eg kan få ting til, seier han, og kjem inn på noko han meiner fleire bør bli betre på:

– Det er viktig å stole på seg sjølv og tørre å stå i ting. Det trur eg vi alle har godt av å gjere meir av.

SSF karrieremesse

Banken er ein raus arbeidsplass

Når vi sit ovanfor ein kar med så mykje uttalt sjølvtillit kan vi ikkje unngå å lure: Hender det at du driter deg ut?

– Eg har gjort mykje feil, seinast denne veka, og slike ting gneg meg. Men utan noko kvist i livet veit du ikkje heilt kven du er som menneske. Eg meiner at jo meir kvist du møter og jo meir feil du gjer, jo meir trygg og solid blir ein. Men eg likar ekstremt dårleg å gjere feil.

Reiel opplever at banken frå tidleg av har vist stor tillit og at det er rom for å gjere feil.

– Her er ei rausheit i banken. Vi har mangfald og vi er forskjellige. Det gir rom for ulike typar menneske, ulike kulturar, haldningar og ideologiar. Det bygger også ei takhøgde for at det er lov å meine ting, og innrømme det når ein har teke feil.

– Banken er ein bra plass å drite seg ut, konstaterer han.

Lillian Loen er fagansvarleg HR, og har mellom anna hovudansvaret for rekrutteringa i banken. Ho er glad for å ha folk som Reiel i selskapet. Ho synest det gir ein annan dimensjon å jobbe med folk som er litt annleis, som vågar å utfordre og som er uredde – og som ikkje minst har engasjement for jobben.

– Kompetanse er ein ting, den kan ein tileigne seg etter kvart, men du må brenne for oppgåva. Alle her brenn for banken. Vi gir tilbake og vi er stolte av å ha SSF på ryggen. Viss du har det som utgangspunkt, er du ein god kandidat for å gjere ein god jobb, meiner ho.

Arv og miljø

Intervjuet nærmar seg slutten og Reiel skal straks i eit nytt møte. Praten går rundt bordet, og vi kjem inn på fleire ting han engasjerer seg for, slik som brødbaking, mangfald og politikk. Og kvifor han bur i Førde.

– Eg har ofte lurt på kvifor eg bur her. Eg trur det handlar litt om arv og miljø, og vane. Eg vaks opp her og eg trivast her. Det er enkelt å ha ungar her. Det er kort veg til flyplassen. Det er mange kvalitetar med å bu her, men eg kunne budd overalt. Men det skal seiast: Førde byrjar å bli ein kul by.

Jobb er viktig, men hadde han ikkje jobba i banken hadde han nok laga sin eigen spennande jobb, fortel han. Vi tenker det seier litt om banken som arbeidsgjevar. Og grunnen til at han framleis er i banken etter 16 år:

– Det kokar ned til den stadige utviklinga. For min del har det alltid vore noko nytt og det jagar eg. No skal vi ha eit prosjekt på to år som handlar om at vi skal inn i Sparebank1-alliansen, og det prosjektet skal eg leie. Så det er spanande.

Det at han får jobbe med noko komplekst og at tenestene dei utviklar skal ha ein viss standard, er motiverande.

– Om du likar å levere kvalitet, og likar å jobbe med kompetente folk med brei og solid teknologiforståelse, då er dette plassen for deg. Her er det mangfald, moglegheiter, høg kvalitet og moro.

– Og akkurat passe med oppoverbakkar.

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er hovudsponsor for ELEVATE: Karrierefestivalen i Sunnfjord.

Når Sparebanken Sogn og Fjordane sponsar ELEVATE: Karrierefestivalen i Sunnfjord, bidrar dei til at fleire får innsyn i eit variert og framtidsretta arbeidsliv. Besøkande på festivalen vil få auga opp for spennande arbeidsgivarar, få fagleg påfyll og ein boost i karrierelivet. Til saman gjer dette Sunnfjord til ein meir attraktiv stad å jobbe. Takk for at de støttar dette viktige tiltaket!

Besøk Sparebanken Sogn og Fjordane

Fleire saker