Korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli? Det vil den splitter nye rekrutteringskonferansen FOLKA fortelje deg.
– Det er svært viktig å ha arbeidskraft og kompetanse tilgjengeleg for å kunne levere og utvikle seg.
Det seier Wenny Irene Hansen i NHO Vestland, ein av arrangørane bak den nye konferansen som går av stabelen 25. oktober på Skei.
Saman med Framtidsfylket, Nordfjordakademiet, Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling har dei satt saman eit program som skal gjere arbeidsgivarane i Vestland betre rusta for rekruttering:
– Konferansen skal bidra til at arbeidsgivarar i heile regionen får påfyll av kunnskap og inspirasjon til å lukkast med rekruttering. Får vi til eit rekrutteringsløft betyr det enormt mykje for kor konkurransedyktige vårt næringsliv kan vere, seier Wenny, og legg til at heile 67% av NHO sine medlemsbedrifter i Vestland oppgir eit udekt kompetansebehov.
"Konferansen skal bidra til at arbeidsgivarar lukkast med rekruttering"
– Billettsalet har gått over all forventing! Det er tydeleg at at arbeidsgivarane i Vestland ønsker verktøy for å lukkast med rekruttering, seier Linda Hovland i Framtidsfylket.
I kampen om gode hovud og hender, må alle mann til pumpene.
– Programmet passar for alle som bidrar til rekruttering, anten du jobbar med kommunikasjon, HR, har personalansvar eller er i leiinga. Å få tak i folk er viktig, men vel så viktig er det å halde på folk. Delar av programmet er difor via til korleis vi får folk til å trivast, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.
Kathe Arnesen i Sunnfjord Utvikling har gjort ein viktig observasjon som leiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord:
– Mange bedrifter har ikkje eigne HR-avdelingar eller rekrutteringsansvarlege, og då kan denne konferansen vere nyttig input for dei som har ansvar for tilsettingar i bedrifta.
Arrangørane er einige i at vi må samarbeide om rekruttering som ein samla region.
– Vi har mykje å lære av kvarandre. Møteplassar som legg til rette for å bygge nettverk og dele erfaringar er viktig om vi skal lukkast. Det er alltid nokon som har gjort noko lurt som vi kan lære av. Regionen er heller ikkje større enn at vi på nokre område burde snakke om det som ein felles arbeidsregion, seier Line Bjelde, dagleg leiar i Sogn Næring, og legg til:
– Eg trur det vil bety svært mykje at vi kjenner til kvarandre, at vi veit kva naboen treng og at vi slik kan samarbeide, heller enn å konkurrere om arbeidskrafta.
Tonje Bjerkan i Nordfjordakademiet jobbar heiltid med å få tak i arbeidskraft og kompetanse til Nordfjord. No gler ho seg til å møte likesinna:
– Det er nyttig å møte andre som jobbar med same utfordringane, på tvers av bransjar, slik at vi kan utveksle erfaring.
Ho meiner dette er spesielt viktig for arbeidsgivarar i distriktet:
– Det er i dag «arbeidstakars marknad», og vi må difor tenke både kreativt og nytt for å få tak i folk. Kampen vert stadig tøffare og HR-faget vil få ein meir sentral rolle i bedriftene framover for å vere konkurransedyktige.
Arrangørane håpar på fullt hus 25. oktober. Godt over halvparten av billettane er selde, og komiteen meiner det er smart å få med seg dagen:
– Desto fleire lokale bedrifter som får meir kompetanse i rekruttering og employer branding, jo fleire er det som drar i same retning. Det er viktig for arbeidsgivarane å følge med på endringane i arbeidsmarknaden for å forstå korleis dei skal nå ut til dei rette kandidatane på den beste og mest effektive måten, avsluttar Kathe i Sunnfjord Utvikling.