Vegard

Nyheiter

Vegard ønsker to traineear til Tyssedal

Du må ikkje like fjord og fjell for å trivast hos INEOS Tyssedal, men det er heilt klart ein fordel.

– Vi kallar oss jo for friluftshovudstaden. Om du er glad i å vere ute, er det enormt med moglegheiter i Ullensvang sommar som vinter, seier Vegard Lauritsen, HR-rådgivar i INEOS.

– Men kjem du for jobben, er den vel så attraktiv som området rundt, legg han til.

No har smelteverket i Hardanger to ledige traineestillingar til deg som er nyutdanna. Dei ser etter både maskiningeniør og controller. Dei to viktigaste grunnane til at du skal søke er ifølge Vegard arbeidsmiljøet og breidda i arbeidsoppgåvene.

Les om geologen Mari som gjorde komtekarriere i INEOS

Høg trivsel

– Folk trivst her. Dei opplever eit godt arbeidsmiljø, tillit og respekt. Her seier alle god morgon eller godt skift, og det er låg terskel for å spørje om hjelp.

Når du er del av eit slikt anlegg, får du vere med på mykje forskjellig:

– Du vil garantert få ein variert arbeidsdag med både interessante og utfordrande oppgåver. Her jobbar vi tverrfagleg og fleire disiplinar saman. Det betyr at du i løpet av traineeåret vil lære mykje og sitte igjen med verdifull erfaring og kompetanse.

Ineos Tyssedal

På smelteverket INEOS kan du bidra til å ta industrien i ei grønare retning.

Når HMS har sin eigen dag

På spørsmål om kva bedrifta gjer for det sosiale, nemner han innebandy, quiz, eige bedriftsidrettslag, julebord og tilbod om trening. Men det som kanskje er høgdepunktet, er den årlege HMS-dagen.

– Når vi seier at sikkerheit er ekstremt viktig for oss, så meiner vi det. Om sommaren har vi ein eigen HMS-dag der vi samlast på tvers av verket: Vi grillar, snakkar om HMS, køyrer quiz og har det sosialt saman. Det pleier å vere ein fin dag, smiler han.

Opptatt av deg som er ny

Om du tenker det er litt skummelt å søke traineestilling i ei lita bygd i Hardanger, kan Vegard trygge deg på at dei vil ta godt imot deg.

– Vi vil hjelpe deg med å kople deg på kontaktpersonar i miljø eller med hobbyar du er interessert i. Vi har tatt imot mange nytilsette dei siste åra, og vi er opptatt av å integrere deg i samfunnet. Her vil du oppleve inkluderande kollegaer og lokalsamfunn.

Tyssedal er kjent for sin spektakulære natur, og smelteverket er næraste nabo til Sørfjorden.

Tyssedal er del av friluftshovudstaden Ullensvang. Eit eldorado sommar som vinter.

Du må gjerne utfordre oss

– Men kven ser dei etter?

– Uavhengig om du søker på maskiningeniør eller controller, ser vi etter nokon med interesse og engasjement for faget. Det er eit pluss om du er ein person som stiller spørsmål ved ting, utfordrar oss eller tek initiativ. Det gjer at vi utviklar oss. Og så er det viktig at du kan passe inn hos oss og trivast i miljøet ved anlegget, avsluttar han.

5 gode grunnar til å søke traineestilling ved INEOS Tyssedal

  • Norges finaste utsikt frå arbeidsplassen
  • Høgt under taket på alle måtar
  • Ein trygg og triveleg arbeidsplass
  • Sjansen til å påverke industrien i ei grønare retning
  • Du får ta del i eit traineeprogram
Søk traineestilling: Maskiningeniør
Søk traineestilling: Controller

Fleire saker