Foto: Martha Linnea Pukallus / Brødrene Aa

Nyheiter

Ti gode grunnar til å jobbe i Brødrene Aa

Uansett kva du jobbar med i Brødrene Aa, får du vere tett på det som skjer i det verdsleiande båtbyggeriet.

Kva er det mest spennande som skjer i Brødrene Aa akkurat no?

Det er akkurat offentleggjort at vi skal bygge den første autonome kommersielle el-ferga i verda. Denne skal gå midt i Stockholm og ha plass til 25 personar. Dette er eit veldig spennande prosjekt, då det gjer oss moglegheita til å vise fram eit nytt konsept for byar som vil utnytte vannvegane sine på ein betre og bærekraftig måte.

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Brødrene Aa?

Hos oss får du jobbe tett på produktet som vi produserer, eksempelvis om du arbeider som regnskapsførar og sit store delar av dagen framfor PC-en, er det få meter ut i produksjonshallen der du kan sjå kva alle bokførte kostnader resulterer i. Her er eit godt arbeidsmiljø med 190 medarbeidarar som bidreg til trivsel i selskapet - representert av tolv ulike kulturar.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Er du interessert i å lære og villig til å legge inn den innsatsen som krevst for å oppnå suksess, er det store moglegheiter for å ta del i utviklingsprosjekt innan fleire fagområde: produktutvikling, tekniske løysingar, it og digitalisering, produksjon og administrasjon.

Synne Marie Oppheim, HR-sjef i Brødrene Aa.

Synne Marie Oppheim, HR-sjef i Brødrene Aa.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Her er mykje spennande og gode historier frå eit selskap som har bygd båtar i snart 75 år.
  • Mange dyktige og imøtekommande medarbeidarar.
  • Veldig fin utsikt frå kontorvindauget både i Hyen og i Eikefjord.

Kva er Brødrene Aa sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Vi har eit stort ansvar for å bidra til å minimere fotavtrykk parallelt med at vi skal fortsette å produsere og skape arbeidsplassar. Vi har bygd over 60 fartøy i kompositt-materiale, og alle er framleis i drift.

Vårt produkt er laga for lang levetid. Byggmaterialet karbonfiber gjer at vi kan oppgradere ved å forlenge eller tilpasse fartøyet for drift i nye område. Design og utvikling av fartøy er med omsyn til reduksjon av materialbruk og effektive skrog som gir lav vekt og reduserer drivstofforbruket. Våre produksjonstilsette sorterer restavfall slik at mest mogleg kan bli gjenbrukt. Teknologi og alternativ for bærekraftige løysingar er i kontinuerleg forbetring.

For oss er det viktig å tilpasse oss, og vi er involverte i ulike forskingsprosjekt for å jakte kunnskap og kompetanse om dei beste løysingane.

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

Vi har eit gjensidig avhengigheitsforhold til samfunnet rundt oss. For selskapet er det viktig å ha eit fungerande godt lokalsamfunn i nærområdet, med god infrastruktur, barnehage og skuletilbod. Våre tilsette skal trivast på arbeid, men dei skal også ha ei god fritid. Vi støttar lokallag, engasjerer oss i utvikling av bygda og bidreg i ulike klyngesamarbeid for å finne gode løysingar for framtidige produkt i norsk industri.

Kor tid kokar det hos Brødrene Aa?

Rett før levering av fartøy, så kokar det godt i gangane her.

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos dykk?

Vi ser stor i auke i aktiviteten framover og rekrutterer til mange fagområde. Spesielt ser vi no etter ingeniørar innan elektro, struktur/arrangement og røyr/maskin. For oss er det viktig å treffe på kandidatar som vil strekke seg for å lukkast og som ynskjer å vere med utvikle verksemda vidare.

Kven set spor på intervju?

Dei som er godt førebudd og viser genuin interesse for å arbeide i Brødrene Aa. Dei stiller gode spørsmål når vi går rundt på visning på verfta og ser korleis dei kan nytte si erfaring frå studie, arbeidsliv eller personleg driv inn i aktuell stilling her.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Brødrene Aa utan å seie det:

Jobb i Brødrene Aa
Jobb i Brødrene Aa