Arbeidsmiljø Lotteri- og stiftelsestilsynet

Nyheiter

10 gode grunnar til å jobbe i Lotteri- og stiftelsestilsynet

Visste du at du kan jobbe med Norges fremste ekspertar på pengespel, stiftelsar og frivilligheit i Førde?

I spalta «10 gode grunnar» tek vi ein sommarprat med kule bedrifter i Vestland. Først ut er Sunnfjord.

Kva er det mest spennande som skjer i Lotteri- og stiftelsestilsynet akkurat no?

Her skjer det mykje heile tida, så det er alltid noko spennande på gang. Det siste året har vi blant anna fått nye oppgåver, for vi har forvalta støtteordningane for frivillige lag og organisasjonar i Norge i forbindelse med korona. No er det fleire nye folk på veg inn på frivilligheitsavdelinga vår som skal hjelpe oss å ta unna arbeidet der. I tillegg har vi nye folk på veg inn i andre avdelingar, så det er spennande å bli kjent med dei!

Lotteri- og stiftelses

Kva er det mest attraktive med å jobbe i Lotteri- og stiftelsestilsynet?

Vi er jo eit statleg direktorat, eit viktig nasjonalt organ, som ligg plassert i Førde. Vi har tre fagområde som er pengespel, stiftelsar og frivilligheit. Vi har folk her som er ekspertar i Norge på desse områda! Det er ganske tøft. Og vi har verkeleg eit arbeidsmiljø med mange flinke folk, som likar å dele det dei kan med kollegaane sine.

Kva kan de tilby dei som ønsker å utvikle seg i bedrifta?

Vi har budsjett til kursing og legg til rette for at folk skal kunne utvikle seg mens dei jobbar her. Vi har tre ganske ulike fagområde, men vi er opptatt av å dele meir og meir på tvers mellom oss. Det gir gode moglegheiter til å lære av kvarandre. Områda våre er heile tida i utvikling, så det er stadig noko nytt.

Nemn tre små gode som gjer arbeidsdagen fin:

  • Kaffibaren vår, der du ofte møter kollegaer frå andre avdelingar, og kan slå av ein prat. Det har vi spesielt sakna i koronatida.
  • Så er jo fleksitida absolutt eit pluss, som gjer at du kan styre mykje sjølv.
  • Ikkje minst er det eit gode å ha trening i arbeidstida. Etter korona tar vi opp igjen fellestreninga vår på Puls. Og for dei som likar å bli skikkeleg slitne, så har vi intervalltrening i lag på tysdagar. PS: Frivillig deltaking der, altså.
Kollegaer Lotteri- og stiftelsestilsynet

Kva er Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt bidrag i å stoppe klimaendringane?

Korona har gjort at vi har null reising nett no. Og der har vi nok lært noko til etter korona er ferdig også, at ganske mykje kan gjerast på Teams. Så det blir nok færre flyreiser når kvardagen blir normal igjen. Vi blir meir og meir digitale, så vi printar berre når vi må. Og så er det vel eit pluss at direktøren køyrer elbil (unntaket er dei dagane i året der han køyrer cabriolet, for å få vind i håret).

Kva er det viktigaste de gjer for å ta samfunnsansvar?

All jobben vi gjer handlar om samfunnsoppdraget vi har. Vi skal nemleg vere eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, trygge stiftelsar og ei sterk frivilligheit. I tillegg vil vi jo seie at det at vi er plasserte i Førde er bra for samfunnet her. 20 år som nasjonalt direktorat i Førde, det har jo lokka ganske mange tilflyttarar hit opp gjennom.

Kollega Lotteri- og stiftelsestilsynet

Kor tid kokar det hos Lotteri- og stiftelsestilsynet?

Ganske ofte. Det skjer mykje på dei forskjellige områda våre heile tida, så det kokar ofte mange plassar samtidig. Men det synest vi aller mest at er gøy og spennande. Det skal vere litt kok. Då går ting framover!

Kva jobbsøknadar ligg øvst i bunken hos Lotteri- og stiftelsestilsynet?

Vi har ganske mange forskjellige folk med ulik bakgrunn her, og vi ser heile tida etter ny kompetanse som kan utfylle oss. Det er alltid viktig for oss at dei som skal inn kan jobbe godt med andre.

Kven set spor på intervju?

Dei som klarer å vise kvifor dei vil ha jobb akkurat hos oss. Og som viser kva dei kan by på ved å jobbe her. Og så meiner vi jo at intervjuet skal vere ein plass der den som søker jobb hos oss blir betre kjent med oss også.

Vis med eit bilde at det er godt å jobbe i Lotteri- og stiftelsestilsynet utan å seie det:

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Jobb i Lotteri- og stiftelsestilsynet

Ledig stilling: Revisor eller økonom med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne.